Lokal | 25. jan. 2018

9 grunnar til at E134 og E39 bør vurderast på ny

Lesarinnlegg: Endringar gjer at det av endå fleire årsaker bør vurderast eit anna traséval.

9 grunnar til at E134 og E39 bør vurderast på ny
Midtre trasé med bru over Bjørnafjorden. (Ill. Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. jan. 2018 14:13

E134 og E39 bør vurderast på ny.

Sidan vedtaket om midtre trasé for Hordfast vart fatta har det kome endringar som gjer at trasevalet bør vurderast på nytt;

• Os og Fusa skal verta ein kommune. Dette krev betre samband mellom dei nåverande kommunane.
• E134 med arm frå Odda mot Bergen: Dette gjev ein stor samfunnsmessig gevinst til E134. Gevinsten vert endå større om E39 vert bygd etter indre trase.
• Med «Hordalandsdiagonalen» får me 2-3 timar kortare reisetid mot Oslo. Dette må vegast mot 10–15 minutt lengre tid til Stord etter indre trase.

• Yrkestransporten er ei stor brukargruppe. Dei vil ha indre trase.
• I den siste regjeringserklæringa ligg 1064 milliardar kroner til vegbygging fast. Ifølgje Oslo Economisk vil 15 planlagde vegprosjekt falla ut, grunna kostnadsauke. Hordfast med Bjørnefjordsbrua er eit av dei.
• Oppdaterte prognosar for ekstremvêr er dårleg nytt for Bjørnefjordsbrua.

• Indre trasé utløyser store areal til bustad og til næringsbygg. Midtre trase gjev lite areal, men stor miljøulempe.
• Trafikkprognosane som tilhengarane av midtre trasé legg fram er heilt urealistiske.
• Me får ingen arbeidspendling med så høge bompengeprisar.

Midtre trase har så langt kosta nær ein halv milliard kroner. No vil dei ha førehandsinnkreving av bompengar på fergjene, då dei treng meir pengar til planlegging. Kor mykje skal ein bruka på eit prosjekt som ikkje er realiserbart?

For totalkostnaden for midtre trasé kan ein planleggja og vera godt i gang med å byggja så vel indre trasé som Hordalandsdiagonalen.

Jan Gaassand
Os Senterparti

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.