Sport | 26. juli 2013

9. og 5. plass i VikingTour

Sju dagar på sykkel rundt Jotunheimen: Bjarte Rasmussen og Kjetil Lunde blant dei beste av 180 deltakarar i VikingTour 2013.

9. og 5. plass i VikingTour
Bjarte Rasmussen (t.v.) og Kjetil Lunde under VikingRace 2013, der dei to hamna på 13. og 6. plass uansett klasse. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. juli 2013 13:50

Norges Tour de France og Verdens Vakreste Sykling kallar dei sitt eige ritt, arrangørane av VikingTour, som går bratte ruter i sju dagar rundt Jotunheimen.

Osingane Kjetil Lunde og Bjarte Rasmussen frå CK Henie meldte seg på for å halda formen i sommar.

– Men det skjer noko når du får eit startnummer på ryggen, seier Kjetil Lunde.

• Kjetil Lunde kom på ein fantastisk 5. plass i klassen (23 til 39 år) og 6. plass uansett klasse blant 188 påmeldte syklistar.

• Bjarte Rasmussen kom på 9. plass i same klasse, på 13. plass totalt.

Dei to meldte seg på saman med ein sykliste frå Åsane CK, Christer M. Nordeide, under Team Bergen.

Laget låg i går på 4. plass for lag, det er førebels uvisst om plasseringa er endra etter siste dag.

Løypa er på til saman drygt 60 mil, med start og mål på Beitostølen, og har fleire lange, bratte parti, blant anna eit på ekstreme 18 prosent stigning.

Midtsiden kjem tilbake med fleire bilde og meir om det flott rittet og dei strålande resultata av ryttarane frå Os.

Midtsiden samleside: Sykling

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.