90 plassar, 35 nye
Kommunalsjef Nils Petter Borge med den første skissa for "nye" Luranetunet. – Driftskostnadane kan bli rundt 34 millionar brutto.
På formannskapet si budsjettkonferanse tysdag og onsdag denne veka presenterte kommunalsjef for helse, omsorg og beredskap, Nils Petter Borge dei første skissane for utbygginga av Luranetunet.
– Det er viktig å presisera at dette er ei skisse, men vi har teikna inn 90 plassar i første byggetrinn.
– Det vil gje oss ei netto tilvekst på 35 nye plassar, forklarte kommunalsjefen.
Nok, men ikkje for mykje
Kommunen ser for seg å bygga ut i tilknyting til dagens omsorgsbustader på Luranetunet, med ein overbygd tropehage i midten.
– Vi skal bygga ut omsorgsbustader og institusjonsplassar fram mot 2020.
– Det ligg ei utfordring i å finna rett nivå. Vi kan ikkje berre byggje ut og tenkje at vi kan la plassane stå ubrukt i påvente av pasientane.
– Då vil vi ikkje få støtte frå Husbanken, fortalde Borge, som refererte til Time kommune, kor ein hadde bygd 30 plassar, men tenkt å nytta 8 i første omgang. Dei fekk ikkje støtte for meir enn åtte.
– Men går det ikkje ann å nytta dei som avlastningsplassar, undra Marianne Hjelle (Frp).
– Nei, det er difor vi ser for oss ei trinnvis utbygging. Dei 90 plassane erstattar mellomanna dagens sjukeheim, så kan vi bygga om den etterpå.
Dette ser kommunalsjefen for seg i første byggetrinn:
- Ny sjukeheim i tre etasjar som ei lenging av eksisterande kantinebygg på Lurane.
- Totalt 60 plassar; 40 korttidsplassar + 20 langtidsplassar
- Treningsrom - rehabilitering/trening
- Omsorgsplassar for demente; 20-30 nye omsorgsbustader ves aust-stova.
- Dagsenter og korttidsplassar for demente; Bygga om nord-stova til formålet.
- Lokale for frivilligheit
- Auka areal for administrasjon
Drifta vil kosta
Ikkje berre vil sjølve utbygginga kosta. I økonomiplanen legg rådmannen opp til å investera 220 millioner kroner på Lurane. Også drifta innan helse- og omsorg må styrkast i åra som kjem.
– Kostnadane for drift vil ikkje få konsekvensar for 2015-budsjettet, men for framtida.
– Vi kan rekna ein gjennomsnittspris på ein plass på 900 000 kroner, i tillegg kjem det 6-800 kroner per kvadratmeter i drift og vedlikehald av bygnadane.
– Med 35 nye plassar, og ei utviding på omlag 3 300 kvadratmeter vil det gje ei årleg brutto kostnad på omlag 34 millionar kroner, fortalde kommunalsjefen, som presiserte at nettokostnaden vil bli noko lågare.
– Inntekta er vanskeleg å berekna spesifikt. Det kjem litt ann på kva form vi vel, kor mange av dei blir korttids- og langtidsplassar, og kor mange av dei blir institusjonsplassar.
– Vi vil i løpet av 2015 komma tilbake med reknestykker som vil gi betre oversikt over nettokostnadane.