An Act of God - med Frank Kjosås

Broadwaysuksessen til Oseana!

An Act of God – Med Frank Kjosås   
 
Etter å ha runda om lag tre hundre framsyningar  med religionssatire i “The Book of Mormon”, kjem Frank Kjosås til Oseana med broadwaysuksessen “An Act of God”. Med seg har han komiker Henrik Thodesen og musiker Simen Solli Schøien.
 
Få den usminka sanninga om den eigentlege betydninga av dei ti bod, skapelsen og alle spørsmåla menneskeslekta har gnagd på i tusenvis av år.
 
Etter eit par tusen år i kosmisk dvale har Gud atter ein gong bestemt seg for å opplysa, informera og å gje oss ti reviderte bod. Sidan det gjekk heilt medels å senda sin einbårne son sist, har han denne gongen bestemd seg for å representera seg sjølv. Det å innta Frank Kjosås sin kropp, kan verke som eit noko spesielt val for ein skapning av Gud sit kaliber, men.. Ja, Gud sine vegar er uransakelege.  
 
Kvifor hender fæle ting med gode menneske? Høyrer han på bønane våre? Bryr han seg eigentleg om fotballresultat og valkamp? Dette, og mykje meir, vil du her få svaret på! 
 
Med: Frank Kjosås og Simen Solli Schøien 
Regi: Jostein Kirkeby-Garstad 
Av: David Javerbaum
Norsk bearbeiding: Simen Solli Schøien, Frank Kjosås og Henrik Thodesen
Lysdesign: Anders Bush
Scenografi: Gjermund Andresen
Produsentar: Thalia Teater og Prologo. 
 
 
Ord.:530,-
Student: 250,-
Gruppe (8+): 485,- (må kjøpast i resepsjonen i Oseana)
 
Forestillingslengde: ca 1 time 20 min
 
 
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement.

Oseana Kunst & Kultursenter

Lørdag, februar 15, 2020 - 18:00