Kultur | 07. sep. 2018

Ada vidare i Idol

Ni år etter X-Factor tok Ada Keita seg vidare i Idol.

Ada vidare i Idol
Ada Keita gjekk vidare i Idol. (Foto/skjermskot: TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. sep. 2018 21:32

Onsdag fekk vi sjå tre unge osingar på Idol på TV2.

To av dei, Martine Frotveit Johnsen og Christoffer Leikvoll Storvik, tok seg vidare i Idol.

• Les òg: Intervju med Christoffer

I kveld var det Ada Keita sin tur.

Vi fekk så vidt sjå Ada på skjermen, men det var på venterommet, ikkje då ho song.

Alle stemte ja

– Eg song «Killing me softly», fortel Ada til Midtsiden.

På TV2.no kan du sjå Ada sin audition.

Ho fortel òg at ho gjekk vidare.

– Alle dommarane stemte ja! Gunnar var ikkje imponert, og Tshawe meinte eg «safet», noko han har rett i. Silje sa ikkje så mykje anna enn at ho likte det.

I 2009, då Ada var 15 år, kom ho til topp 24 i X-Factor.

– Sjølve audition-situasjonen er litt skummel, men dommarane var veldig greie, synest Ada.

Debutalbum nesten ferdig

I mars i fjor sleppte Ada Keita Band musikkvideoen til den første låten på det komande debutalbumet sitt.

– Albumet er så og seia ferdig, berre finpuss gjenstår, sa Ada til Midtsiden i sommar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.