Kultur | 20. des. 2018

Åge Aleksandersen til Tysnesfest

«Åge & Sambandet 3570» er tittelen på turneen som neste år svingar innom Våge.

Åge Aleksandersen til Tysnesfest
Åge fyller 70 år neste år, 35 år etter suksessalbumet «Levva Livet». (Foto: Marthe Vannebo)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. des. 2018 08:57

Trønderrockens gudfar Åge Aleksandersen og bandet hans Sambandet kjem til Tysnesfest 2019.

«Åge & Sambandet 3570» er tittelen på 2019-turneen. Det er 35 år sidan braksuksessen «Levva Livet» og 70 år sidan Åge blei fødd.

– Åge har hatt ei imponerande karriere over 50 år. Det har vore oppturar og nedturar, men defintivt mest av det første, seier dagleg leiar i Tysnesfest, Øystein Vaage.

– Han har, i ein alder av 70 år, meddelt at han kjem til å trappa ned etter denne turneen. Det er derfor ekstra kjekt å kunna få besøk av Åge i jubileumsåret!

Til no er desse artistane klare for Tysnesfest 2019: Åge og Sambandet, Aurora, Broiler, Ina Wroldsen, DDE, Skambankt og Kjartan Lauritzen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.