Fritid | 28. jan. 2014

- Aktiv til tusen

Det er stor aktivitet i Os Turlag for tida, og i 2013 auka medlemstalet deira til 999 medlemmar. Sundag er det barnas turdag.

- Aktiv til tusen
Det nye styret i Os turlag: Leiar Alf Holdhus, nestleiar Oddbjørn Klyve, kasserar Åshild Thuen, skrivar Liv Rønning, styremedlem John Ragnar Lunde. Varamedlemmer: Linda Ann Lohne, Arvid Øvreeide og Solveig Søviknes. (Foto: Privat) 
Kari M. Lyssandtysdag 28. jan. 2014 13:29

23. januar var det tid for årsmøte i Os Turlag der det blant anna blei valt nytt styre i turlaget.

- Alf Holdhus er ny leiar og sit i styret saman med Oddbjørn Klyve, Åshild Thuen, Liv Rønning og John Ragnar Lunde, fortel Linda A. Lohne ein av varamedlemmane til styret.

Feirer snart 1000 medlemmar

Lohne er nøgd med at det berre er eit medlem som er att til dei kan feira 1000 medlemmar.

- Vi kan seia at turlaget er "aktiv til tusen".

Ho fortel om stor aktivitet for både store og små, og trivselgruppa er godt i gang med merke- og dugnadsarbeid.

- Klatregruppa vår, som endrar navn til DNT fjellsport, har hatt stor suksess med klatreveggen sin, det har vore fulle kurs og godt med instruktørar.

- Det lovar godt for turlaget i 2014, avsluttar Lohne som understrekar at alle er velkomne på deira turer og andre arrangement.

Allereie sundag 2. februar arrangerar Barnas Turlag Os "Kom deg ut"-dag i Ervikane med mellomanna tipp og vinn på stien frå parkeringa og ned, ymse aktivitetar og grilling.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.