Lokal | 31. des. 2009
Alarmen gjekk
Brannvesenet var lynraske då brannalarmen gjekk i Os kyrkje onsdag kveld.


Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 31. des. 2009 11:19
Klokka 23.16 gjekk alarmen, klokka 23.21 var brannsjef Stein Gjøsund på plass ved detektoren på loftet i Os kyrkje.
- Det var heldigvis ikkje brann. Vi kunne heller ikkje finna noko annan årsak til at detektoren skulle slå ut, men den ekstreme kulda kan kanskje ha spelt systemet eit puss, seier Gjøsund til Midtsiden.no.
Det var detektoren på loftet over kyrkjeskipet som løyste seg ut. Tilsette i kyrkja blei varsla, og kom til staden for å undersøka kyrkja saman med brannvesenet.