Kultur | 19. des. 2017

Alle billettar på nett

No kan du kjøpa alle billettar til arrangement på Oseana på nett. Også til Bygdekinoen.

Alle billettar på nett
Skal du sjå den nye norske storfilmen «Den 12. mann» på bygdekinoen 7. januar kan du no kjøpa billetten på nettet 
Andris Hamretirsdag 19. des. 2017 10:52

– Dette er årets julegåve til kinoglade osingar, seier marknads- og kommunikasjonsansvarleg Veronica S. halhjem.

Fram til no har du nemleg måtte gå innom resepsjonen på Oseana for å kjøpa billettar om du har tenkt deg på bygdekinoen.

– Det at ein no kan kjøpe billettane, og sjå kor mange det er ledige, på nett har vore både etterlengta og etterspurt. Difor er vi svært glade for å kunna sleppe denne nyheiten no.

Mest brukt i landet

Bygdekinoen på Oseana er godt brukt, faktisk den mest besøkte bygdekinoen i landet. Då er det mange som no kan gle seg over eit mykje enklare billettsystem framover.

– Tidlegare har ein måtta kontakta resepsjonen i Oseana for kjøp av billettar, eller for informasjon om det er fleire billettar igjen til filmen ein vil sjå, seier Halhjem. Det er klart dette har vore tungvint for mange. I tillegg har det ikkje vore mogleg med reservasjon av seteplass, men det er det no, strålar ho.

Til alle arrangement

Billettane kan, som billettar til alle arrangement på Oseana, også dei som tidlegare blei seld direkte frå arrangør eller på bensinstasjonar i bygda, kjøpast på Ticketmaster.

– Dei første filmane du kan handla på nett, er Ferdinand og Den 12. mann som visast i Oseana 7. januar. Om ein likevel vil handla billetten sin i resepsjonen i Oseana, kan ein sjølvsagt fortsatt det.

– Vårt publikum er alltid velkomne innom oss, og vi kan sjølvsagt hjelpe med billettkjøp til bygdekinoen slik som til alle våre arrangement. Forskjellen er no at billetten blir med setereservasjon, avsluttar Halhjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.