F.v.: Jesper Jenset og Kream, med brørne Markus og Daniel Slettebakken. (Foto: Stian Andersen og M2 Studio Stockholm)
F.v.: Jesper Jenset og Kream, med brørne Markus og Daniel Slettebakken. (Foto: Stian Andersen og M2 Studio Stockholm)

Alle desse kjekkasane kjem på Osfest

Brørne Slettebakken i Kream speler på heimebane i august! Også den tidlegare Idol-finalisten Jesper Jenset er klar for Osfest.

Kjetil Vasby Bruarøy
09. mars 2017 - 10:00

Julie Bergan, Unge Ferrari og Madcon er allereie på plakaten fredag 11. august. I dag går Osfest ut med at også Kream og Jesper Jenset skal spela fredagen under festivalen.

– Vi synest det er veldig kjekt at vi har fått Kream, som i januar fekk mykje merksemd for låta «Taped Up Heart», vil spela i heimbygda.

– Også Jesper Jenset er veldig i tida, og blir med på å gjera fredagen komplett, dette blir ein kveld Osbygda seint vil gløyma, meiner festivalsjef Tor Egil Hylland.

KREAM

Kream består av brørne Markus og Daniel Slettebakken, som begge har vakse opp i Os, og som tidlegare var kjent i heimbygda, og elles i Noreg, som to av dei beste vassjetkøyrarane i Europa.

Dei starta òg tidleg med musikk, der Kream er eit prosjekt der dei har hovudfokus på energisk dansemusikk med vekt på klassisk låtskriving.

• Les òg: Får internasjonal merksemd

Duoen har laga fleire remixar som er blitt spelt fleire millionar gongar. Dei har óg produsert fleire låtar sjølv, som «Love You More» og «Another Life» med Mark Asari - og braksuksessen «Taped Up Heart», som no har passert 55 millionar avspelingar på Spotify.

• Les òg: Kream passerte Aurora

JESPER JENSET

Romsdalingen Jesper blei ungpikeidol då han som 17-åring tok seg til 5. plass i Idol i 2014 (TV2.no).

Han gjekk tilbake som landslagsutøvar i turn, men er no 100 prosent fokusert på musikken.

Jenset speler både gitar og keys, i tillegg til å skriva og produsera musikk. Han har utvikla seg til å bli ein av Noregs mest fremadstormande artistar, med over 66.000 følgjarar på Instagram. To år på rad har han spelt for 80.000 hylande fans på VG-lista showet i Oslo.

Med et nytt image og sound fikk Jesper sitt store gjennombrot med «High» i 2016. Låten har over 10 millionar streams på Spotify, og trona på toppen av lista over dei mest spelte låtane på P3 i sommar.

I november kom Jesper med ny singel, «Lies».

Til no ser årets Osfest-program sånn ut:

FREDAG 11. august
• TBA (to be announced)
• Kream
• Unge Ferrari
• Jesper Jenset
• Julie Bergan
• Madcon

LAURDAG 12. august
• TBA
• TBA
• TBA
• Postgirobygget
• Erik og Kriss
• TBA

Midtsiden samleside: Alt om Osfest