Sport | 30. sep. 2016

Alle frå Os til finalen!

Os Karateklubb sine ni utøvarar kom alle til finalen i generalprøven før Europameisterskapen i Wado-Karate som startar i dag.

Alle frå Os til finalen!
Deltakarane på stemnet. Hjelpe-coach Laura er også med på biletet. (privat foto)
Andris Hamrefredag 30. sep. 2016 13:20

Bildeserie:

Mariell, Carmen og Anne hadde eit godt stemne. (privat foto)
Mariell, Carmen og Anne hadde eit godt stemne. (privat foto)
Melina med sølvmedaljen frå sin første finaleplass i kata (privat foto)
Melina med sølvmedaljen frå sin første finaleplass i kata (privat foto)
1 av 2
Mariell, Carmen og Anne hadde eit godt stemne. (privat foto)
Melina med sølvmedaljen frå sin første finaleplass i kata (privat foto)

- Fleire av våre hadde sitt beste stemne nokon gong, fortel Cato Bruarøy, hovudinstruktør i Os Karateklubb.

Karateklubben stiller ein stor tropp med heile 12 utøvarar i europameisterskapen i Rotterdam som byrjar fredag. I helga var dei fleste av desse, samt nokre unge talent, i aksjon i kretscup i karate på Karmøy.

Medaljedryss til jentene

Dei to yngste, Anne Fløtterud (10) og Mariell Askvik Midtbø (10) vann begge sine kampar heilt suverent. Anne vann 10-1 og 8-0, og Mariell dominerte sine kampar med avanserte teknikkar.

Yngste klasse med plassering er 11-årsklassen. Carmen Liliana Langbakk Bruarøy imponerte med to medaljar. Først sikra ho seg bronse i kata (teknikk) før ho kjempa seg heilt fram til finalen der ho vann sølv etter ein tett og jamn kamp.

Melina Solvang i 12-årsklassen ville ikkje vera dårlegare. Ho vann fyrste runde, slo favoritten i semifinalen og tok sin første sølvmedalje i kata. I kamp vann ho bronse etter god fighting mot jenter som alle var eldre enn ho.

Eldste jente frå Os var Tiril Skønberg Haaland (17), tidlegare norgesmeister og eit av dei største talenta klubben har hatt. Ho starta med siger 8-0, og viste avanserte teknikkar i fleire kampar der ho dominerte stort. Til slutt vart det sølvmedalje også på Tiril.

Supertalent

Stevnets mest dominerande utøvar var Benjamin Askvik Midtbø (13). Det blei eit overlegent gull til supertalentet frå Lysefjorden.

- Han vann alle kampane før full tid, og laga show med teknikkar som ein ellers stort sett berre finn i actionfilmar, fortel Bruarøy.

Vestlandsmeister Sondre Kvamsdal (14) har gått opp ein klasse, men vann igjen gull. Den tøffaste motstanden fekk han i finalen der han møtte klubbkamerat Tobias Hagen Røttingen (15).

- Sondre er god, og han er taktisk klok. Når han kjem til finalen så pleier han å sikra seg gull. Denne gongen var det også kjekt å sjå det høge nivået til Tobias. Tobias er råsterk. No har teknikken også kome på plass. Me kjem til å lage eit skreddersydd treningsopplegg for Tobias fram mot NM i mars. Han skal ikkje vera med til Rotterdam, men er ein av dei ungdommane eg har mest tru på i åra framover, seier trenaren.

Sistemann i aksjon var Armin Palislamovic (16), som har ei rekkje NM-gull og også finaleplass frå VM i Wado-karate. Han var overlegen i starten, men fekk ein skade i kneet i semifinalen og måtte nøya seg med sølv denne gongen.

Vidar Mjånes og Tor Andre Aspenes var dommarar. Vidar var hovuddommar på stemnet.

Spenning i Rotterdam

I går reiste 28 osingar til Rotterdam og Europameisterskapen i Wado-karate. Dei yngste karateungdommane er 12 år, eldstemann blir 48 om nokre veker. Lagleiarar, dommarar, foreldre og syskjen er med på turen.

- Dette har eg gledd meg til lenge! Os Karateklubb er ein av dei beste klubbane i Europa i denne store karateformen, og eg har tru på medalje. Trenarane, med Vidar Mjånes og Oddbjørn Aspenes i spissen, har køyrt hardtrening og teknisk trening kvar einaste dag i mange månader, fortel Bruarøy.

Familietilbod

Os Karateklubb har vore den beste karateklubben i Hordaland i konkurranser i meir enn 20 år. Men dei seinaste åra har klubben fått mange familier der både foreldre, born og besteforeldre trenar saman.

- Det starta for sju år sidan då me lanserte familiekarate med aldersgrense 4 år. Det er mange som synes det er kjekt at dei kan trene saman med barn og barnebarn, og dette har bidratt til at klubben no har mange vaksne mosjonister som trener, sier Bruarøy.

I haust har trenarane hatt størst fokus på førebuingar til EM, men i oktober startar nye nybyrjarkurs.

- Det er berre til å koma innom og prøva. Me i Os er heldige som har ein kampsportklubb med så gode treningstilbud. Informasjon om aktivitetene finn ein på klubben si facebook-side.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.