Sport | 04. okt. 2017

Alle persa - på alle distansar!

Mjuk filosofi og hard trening gir maks utteljing for Os Svømmeklubb.

Alle persa - på alle distansar!
Konkurransesvømmarar på trening tysdag. F.v.: Emma, Janne, Nora, Tracy, Hedda, Tias, Håkon (bak), Even, Emil og Sindre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. okt. 2017 07:38

I helga opna 10 svømmarar frå Os sesongen på stemne i Stemmemyren Svømmehall i Bergen.

Alle 10 sette ny personleg rekord på alle distansar.

7 av dei 8 som er gamle nok til rangering kom heim med til saman 17 medaljar.

1 sølv og 5 (!) gull til Emil

Plasseringsmessig var det Emil Austevoll Harlem (2005) som var best, med 5 gull (100 butterfly, 400 medley, 50 rygg, 50 butterfly, 400 fri) og 1 sølv (200 medley).

Tidene hans er høgt oppe på nasjonal ranking.

Dei andre gjorde det også svært bra:
• Even Haarstad (2004) vann 200 butterfly og fekk sølv på 100 butterfly.
• Janne Holm (2004) fikk to sølv, og en tredjeplass.
• Eldstemann Håkon Strømland Johnsen (2002) fekk to sølv.
• Sondre Førde Valle (2006) tok både sølv og bronse.
• Tracy Holm (2004) tok éin bronse og to fjerdeplassar.
• Sindre Haarstad fekk éin bronse og éin fjerdeplass.
• Hedda Bastiansen Kvittingen (2004) fekk fjerdeplass som beste resultat.

Blant dei aller yngste deltok også Nora Hanken (2007) og Jakob Austevoll Harlem (2008), begge med flotte, nye personlege rekordar, men i årsklassar der det ikkje er rangering.

Komplett liste over tider og resultat ser du nedst i artikkelen.

– I overkant av kva eg hadde venta

– At alle set personleg rekord på alle distansar er uvanleg. Resultata viser til dels enorm framgang, seier hovudtrenar Thomas Harlem.

– Etter ein sommar med fri har vi trent godt. Eg er ikkje overraska over framgangen, men den er i overkant av kva eg hadde venta.

Konkurransesvømmarane i Os Svømmeklubb fekk ein bråstart etter sommaren, med ei veke på treningsleir i Arna.

– Vi hadde tre økter for dagen, to med svømming og éi basisøkt, for eksempel fjelltur eller jogging. Deltakarane vil kanskje seia at det var hard trening, seier Thomas muntert.

Han har rett. Då Midtsiden møtte svømmarane på trening tysdag kveld song dei ut om korleis Thomas vekte dei klokka 5 om morgonen, kom med nye øvingar og blant anna sendte dei i sjøen med klede på «mens han sjølv sto på land og gliste», fortel dei mens dei ler.

– Men det var gøy og vi har trent godt etterpå. Allereie før stemnet merkte vi at vi er i betre form enn før, seier dei talentfulle ungdomane.

Trappa opp, men trener mindre enn konkurrentane

Harlem seier dei har trappa tilbodet til dei aktive noko opp, fordi konkurranseutøvarane fortener det, blant anna med skadeforebyggande styrketrening organisert av PT John Hauge.

– Men alle trener andre idrettar ved sidan av, og konkurrentane deira trener meir svømming enn våre utøvarar. Enkelte har heller ikkje hatt tid til å delta i denne opptrappinga, og det er heilt greit. Det viktigaste for oss er at dei trivst og at dei held fram med fleire idrettar lenge. Eg ser at dei som får snakka om dette med oppmøte, og forstår at dei er like velkomne i periodar der dei trener mindre, seinkar skuldrene, trivst godt og ofte trappar opp treninga etter ei tid.

– Svømming er ein idrett som krev mykje trening for å bli god, men det er svært viktig med skunda seg langsamt. Vi har hovudfokus på teknikk, og dette ser vi resultat av på stemne. Våre svømmarar svømmer teknisk godt i konkurransar.

Godt miljø og nytt samarbeid

Os Svømmeklubb, som fylte 10 år i vår, har i år inngått samarbeid med Arna Svømmeklubb, som dei hadde treningsleir hos veka før skulen starta.

– Vi har desse 10 som er eit stykke vidare innan konkurransesvømming, og så har vi 30 til. Men vi er likevel ein ganske liten gjeng. Samarbeidet med Arna gjer at ungdomane dannar nye venskap og opplever gleda av å trena saman med fleire. Vi har hatt leir både på Os og i Arna, og i haustferien skal vi til Arna igjen.

Os er framleis ein klubb driven av frivillige, og trenarane er stolte av miljøet ungdomane imellom.

– Dei er fantastiske i det å støtta kvarandre, ungdom i ulik alder og frå forskjellig skular, ikkje berre på stemne, men i treningskvardagen. Det varmar eit gamalt svømmehjarte å oppleva dette, vi føler oss priviligerte som får jobba med så flott ungdom! seier Thomas Harlem.

Resultata frå stemnet på Stemmemyren:

Jakob Austevoll Harlem (2008)
50 bryst: 53.63
50 fri: 36.46

Nora Hanken (2007)
200 Medley: 5.14.68
400 fri: 10.19.77
100 rygg: 02.33.52

Sindre Haarstad (2006)
200 Medley: 3.54.56 (4. plass)
50 rygg: 49.47 (6. plass)
400 fri: 6.40.06 (5. plass)
50 butterfly: 49.35 (3. plass)

Sondre Førde Valle (2006)
100 butterfly: 1.56.14 (4. plass)
400 fri: 6.10.94 (3. plass)
100 rygg: 1.34.81 (2. plass)
50 butterfly: 50.89 (4. plass)

Emil Austevoll Harlem (2005)
100 butterfly: 1.18.49 (1.plass)
200 Medley: 2.48.83 (2. plass)
400 Medley: 6.03.43 (1. plass)
50 rygg: 35.63 (1. plass)
400 fri: 5.11.24 (1. plass)
50 butterfly: 34.49 (1. plass)

Hedda Bastiansen Kvittingen (2004)
50 bryst: 47.40
100 bryst: 1.41.26 (4. plass)
100 Medley: 1.36.99 (14. plass)
400 fri: 6.43.96 (15. plass)
50 butterfly: 45.16 (11. plass)

Even Haarstad (2004)
100 butterfly: 1.20.64 (2. plass)
200 Medley: 2.59.84 (5. plass)
200 butterfly: 3.11.88 (1. plass)
50 butterfly: 34.97 (4. plass)

Janne Holm (2004)
100 butterfly: 1.18.22 (2. plass)
200 Medley: 2.49.32 (5. plass)
100 medley: 1.18.29 (3. plass)
400 fri: 5.27.21 (5. plass)
50 butterfly: 33.83 (2. plass)

Tracy Holm (2004)
100 butterfly: 1.21.79 (3. plass)
200 Medley: 2.58.87 (9. plass)
400 fri: 5.18.87 (4. plass)
50 butterfly: 34.60 (4. plass)

Håkon Strømland Johnsen (2002)
100 butterfly: 1.12.68 (4. plass)
50 fri: 27.42 (2. plass)
100 Medley: 1.14.57 (4. plass)
50 butterfly: 30.91 (3. plass)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.