– Alle seier ja
I dag startar Bergens beste festival: Os Rockeklubb stiller med utstyr og mannskap for over 100.000 kroner til Rock N LOL.
I dag startar årets Søfteland Rock N LOL, den sjette i rekka. Heile veka har det dagleg vore rundt 50 i sving med rigging og klagjering på garden til Olav Valle. Under sjølve festivalen er det over 100 frivillige som står på.
– Det er ein fast gjeng som alltid stiller opp, i tillegg kjem det fleire andre og hjelper til.
– Det er eit utruleg engasjement og det er veldig vanskeleg å kjøpa rett mengde lunsj. Uansett kor mykje eg kjøper så er det knapt ein smule igjen, ler William Lindborg.
– Og så er det utruleg kor lett det er å få folk til å jobba overtid når dei jobbar gratis. Elles i arbeidslivet kan overtid vera eit ork, men denne dugnadsgjengen treng berre ei flaske cola for å stå på litt ekstra. Det er veldig kjekt, vi er enormt takksame for all hjelpa vi får.
Raus rockeklubb
Blant dei som stiller opp med god hjelp er Os Rockeklubb, som ikkje berre har teknisk kompetanse, men med store mengder utstyr.
90 prosent av alt utstyr er klubben sitt. Festivalen skal blant anna utstyrast med fem (!) trommesett.
– Nivået på festivalen er så høgt at vi må verkeleg legga oss i selen for å levera akkurat det banda vil ha, seier Kjetil Osablod Grønvigh.
Som eksempel nemner han ein spesiell gitarforsterkar som han måtte senda tekstmeldingar til både Venezia og Kroatia for å få tak i.
– Hjelpsame bergensmusikarar på feire seier ikkje nei, dei seier berre kven som kan ringast for å få ei løysing på utfordringa.
– I dag på jobb kom ein innom med rett type stortrommepedal til Kvelertak, og ikkje berre éin, vi fekk to, så vi har ein i reserve, ler Grønvigh nøgd.
– Må ta artistane på alvor
Arrangørane på Søfteland har fått svært gde tilbakemeldingar frå banda til no. Enkelte har også sagt at dei er meir proffe enn Roskilde.
Espen Hjertaas, som blant anna har erfaring som teknikar for Immortal, er stage manager under Rock N LOL.
– Forskjellen på oss og enkelte andre er at vi les alle dokumenta vi får frå artistane. Eg veit sjølv kor frustrerande det kan vera å koma til ein konsert der arrangørane ikkje har fått med seg kva utstyr bandet treng, seier Espen.
– Er musikarane nøgde så er vi nøgde.
Veks i takt med festivalen
Mykje har skjedd sidan dei første festivalane, ikkje minst med scene og utstyr.
– I år er faktisk eit godt stykke opp frå i fjor, seier Andreas Lekven i Lyd og Lysproduksjoner.
Han har rigga scene, lyd og lys på Søfteland i ei årrekkje, men må frå år til år ta stadig meir med seg.
– Heldigvis har vi og utstyrsparken vår vakse i takt med festivalen, så vi framleis kan ha mykje glede av kvarandre.
For to år sidan leigde Lys og Lyd inn storskjerm på scenen for at Datarock sitt show skulle bli komplett.
I år stiller Lyd og Lys med deira eigen nye skjerm, betre og til bruk under fleire konsertar under årets festival.
Midtsiden samleside: Søfteland Rock N LOL