– Alle tok straffe
Lagunen Fotballfest: Gutelaget til Os vann tøff kvartfinale mot Nore Neset, Os junior leia 2-0 over Nymark før kampen blei avgjort med ein lang straffespark-konkurranse.
Åtte lag frå Os kommune var vidare til sluttspel i Lagunen Fotballfest, no står tre igjen.
11- og 12-åringane frå Os som meldte seg på i gutar 13 imponerte då dei slo Brann 4-2 i 1/8-finalen.
I går vann dei kvartfinalen over Åsane, laurdag speler dei semifinale mot Sædalen/Kringlebotn 1.
G16: Kvartfinale mellom Os og Nore Neset
I gutar 16 rauk Os 3 ut i 1/16-finalen og Os 2 i 1/8-finalen. Os 1 møtte Nore Neset i 1/8-finale tysdag.
– Det er litt av eit mannskap Odd Jarle Hjelle har, dei jobba knallhardt og kriga oss delvis ut av stilen, seier Os-trenar Bjørn Mjelva om Nore Neset-trenaren sitt lag.
Nore Neset starta med to straffar grunna handikap/divisjonsforskjell og skåra på eitt av dei. Os utlikna, men Nore Neset gjekk igjen opp i leiinga.
– Vi var heldige at ikkje dommaren bles keeperball på corneren som blei heada inn til 2-2 på bakerste stolpe, for corneren blei slått i boge bak dødlinja, innrømmer Mjelva.
Os tok over og vann 4-2 over Nore Neset. I går var Os tilbake i strøk og slo Sotra 4-0 med tre 98-spelarar på banen i siste del av kampen. Hadde Os klart same resultat i serien, i staden for 2-1, så hadde Os vore kretsmeistrar i G16.
Laurdag er det semifinale.
Juniorlaget leia - men tapte på straffekonk
Torsdag kveld spelte juniorlaget til Os kvartfinale mot Nymark 1.
– Fredrik Heggland og Roar Vestbø, etter eit "magisk" raid av Simen Lassen, gav oss 1-0 og 2-0, men vi var ikkje like mykje på hugget i går som mot Fana, seier Tore Nielsen.
Det sto 2-2 til pause, men Os gjekk opp til 3-2 ved Håvard Grøteide. Så, 2-3 minutt før slutt, utlikna Nymark.
– Nymark skåra omtrent på det dei hadde av sjansar. Dei var best i slutten av første og i starten av andreomgang, men vi styrte kampen, skapte mest og burde avgjort før slutt.
Straffekonken blei også jamn og Os hadde sjansen til å vinna etter Nymark-bom. Men den sterke Nymark-keeperen gjorde at osingane måtte plassera både godt og hardt, og då Fredrik Heggland skaut i stolpen, Nymark skåra og neste osing missa var det heile over etter 9-10 på straffar.
I tillegg til Os 1 (G16) og Os G13 er Os J14, som gjekk til kvartfinale i Norway Cup og enda på 2. plass i 1. divisjon i haust, klare for semifinale laurdag.