Sport | 09. juni 2013

Alliansen tok bronse!

Osbygda sine beste fotballspelarar i 13-årsklassen gjorde svært god figur i eliteturneringa på Sola.

Alliansen tok bronse!
Os-alliansen, G13, med pokalen frå 3. plassen i Sola Elitecup 2013. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 09. juni 2013 19:29

På bildet, frå venstre: Vegard Skeie (Nore Neset il), Fredrik Sivertsen (Lysekloster il), Håvard Leonsen (Os), Kristoffer Røttingen (NN), Markus Myrlid (Os), Harry Moore (LIL), Ole Martin Kolskogen (Os), Ludvig Egge Drange (kaptein, Os), Tobias Nøss, Kay Milan (keeper, Os), Jørgen Kuven (Os), Niklas Fosen (NN) og Alexander Tøssebro (LIL).

Os-alliansen har i helga deltatt i Sola Elitecup.

Laurdag vann dei alle dei innleiande rundane, i dag spelte dei semifinale mot Viking.

Les òg: God start i Stavanger

– Vi tok leiinga, men Viking overtok til 1-3, fortel ein av trenarane, Robert Nøss.

Os-alliansen reduserte, men då dei mot slutten pressa på for å utlikna fekk dei to i hatten.

Semifinalen enda med 3-5-tap.

– Vi klarte oss godt, men dei var sterke, Viking var eit greit lag å tapa for, synest Nøss.

Suveren i bronsefinalen

Viking gjekk til finalen, der dei tapte 2-3 for Vard.

Os-alliansen møtte Bryne i kampen om bronsefinale.

– Der hadde vi full kontroll og vann 3-0. Vi er veldig nøgd med turneringa, resultata og turen med desse flinke gutane.

Os-alliansen skal ha samling i sommar og delta i ny eliteturnering på Hamar over ferien.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.