Allsidig langhelg
Quizfinale, halloweenfest og førpremiere på Stand Up Bergen sitt juleshow, dei neste tre kveldane blir hektiske på Catten Nightclub.
For tredje år på rad får standupklubben Råkt Opp & Ned besøk av komikarane som kjører Stand Up Bergen sitt juleshow.
Premieren i Bergen er 14. november, men allereie laurdag kan du sjå årets fire aktuelle komikarar på Catten i Os.
– Standuparrangementa til osingen Jon Hægland held høg kvalitet og det blir ekstra kjekt med førpremiere, seier Catten-sjef Bjarte Andersen.
Laurdag er det Hans Magne Skard og Tomas Nesse som kjem til Os saman med Pål Rønelv og Jan Tore Kristoffersen.
Men før humorkvelden handlar det om kunnskap og kostyme.
Første halloween for 18-åringar
Catten har arrangert halloween-festar før, med nattklubb dekorert med spindelvev og anna som passar inn.
– Det har ikkje alltid vore så mange folk, men det har vore veldig god stemning. Det er noko eige når folk kler seg ut.
Nytt i år er 18-årsgrense på halloweenfesten fredag og premie for beste kostyme.
– Du MÅ ikkje ha kostyme for å koma inn, men nærmare halvparten plar kle seg ut, og det er ekstra kjekt om folk følgjer temaet for kvelden. Førre fredag passa det ikkje, så då måtte vi ta festen ei veke for seint.
Finale etter seks quiz-veker
Nattklubben sin faste quiz om torsdagane har dei siste vekene vore sett opp som ei turnering.
– Torsdag er open for alle, som vanleg, men dei som har vore med fast dei siste vekene kjempar i finale.
– For enkelte står det ekstra mykje på spel og det er ekstra fine premiar denne kvelden, seier Andersen.