Lokal | 01. apr. 2012

– Alt av strøbilar er ute!

April starta med sludd og snø. I kveld åtvarar politiet mot glatte vegar.

– Alt av strøbilar er ute!
Os i kveld: April starta med sludd og snøbyger. Søndag kveld åtvarar politiet mot glatte vegar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 01. apr. 2012 21:08

Etter ein solrik start på påsken i går kom det sludd, snø og vind søndag 1. april. I kveld har det letta, men det har også blitt kaldare, og no åtvarar politiet mot glatte vegar.

– Vi får meldingar om svært glatte vegar og mange har kjørt av vegen, fortel operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Terje Hilland.

I Teigabergtunnelen på Kvamskogen kjørte tre bilar utfor i 16.30-tida. Det skal ha vore mykje is i tunnelen.

Også i Nipetunnelen på E39 i Romarheimsdalen har det vore ulykke på glatten. Sju personar var involvert i frontkollisjonen, fire av dei blei hardt skadd.

Det har førebels ikkje kome melding om uhell i Os. Har du tips? Kontakt Midtsiden på 90789270 eller kjetil@midtsiden.no.

– Alt av strøbilar er ute, men folk må kjøra varsamt og passa på at dei er skodd for vinterføre, seier Hilland.

– Eg har nettopp kjørt frå Halhjem til Os og det er såpeglatt. Mobergsbakken tørte eg ikkje prøva meg på, så eg kjørte om Kolskogen på veg til Os sentrum. Også rundkjøringa ved Meny var farleg, seier ein innringar til Midtsiden.

I Os er det meldt minusgradar natt til måndag og sol og 2 plussgradar som makstemperatur på dagtid.

Det er meldt tilsvarande vêr tysdag. Sjå langtidsvarsel for Osøyro.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.