Lokal | 07. sep. 2012

- Alt er i orden

- Vi skjenker som vanleg i helga, fortel Espen Risti etter at Plan- og bygningsutvalet i går godkjende bruksendring av Irish Cat.

- Alt er i orden
Espen Risti og Irish Cat serverar som normalt i helga (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 07. sep. 2012 15:58

Plan- og Bygningsutvalet (PBU) handsama i går søkanden om bruksendring for Irish Cat. I samband med godkjenninga oppsto det forvirring om vedtaket gjorde at nattklubben ikkje hadde lov til å skjenka før dei hadde retta pålegga frå PBU.

- Eg måtte jo få brakt på det reine kva vedtaket innebar så eg tok kontakt med kommunen i dag, fortel eigar Espen Risti.

- Rådmannen fortalde at dei hadde diskutert det med juristar og kommuneadvokaten og at vedtaket medførte at vi kunne servera til 02.00 fram til pålegga var retta.

- Når dei var retta skulle vi sende ei melding til kommunen, så kunne vi servera til klokka 03.00 fekk eg forklart, seier Risti.

Har retta pålegga

Dei tre pålegga Irish Cat fekk frå PBU gjekk på branntryggleik, godkjenning frå arbeidstilsynet og støydempande tiltak.

- Dei to første punkta har vi ordna opp i tidlegare i sommar så dei var på plass.

- No har vi installert ein prosessor i lydanlegget som gjer at bassen ikkje kan spele høgre enn godkjent nivå uansett kor mykje ein skrur opp lyden, så no skal det òg vera på plass.

- Meldinga om at vi har gjort tiltaka vi har blitt pålagt er sendt kommunen, så vi serverar som normalt i helga, avsluttar Espen Risti.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.