Sport | 09. okt. 2009

Alvoret startar sundag

Ein rekordsesong er snart over. No kjem den første av fire viktige helger for Os-fotballen. Her er spelarane som skal kjempa om opprykk for Os 2.

Alvoret startar sundag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. okt. 2009 11:56

Neste helg har A-laget serieavslutning med toppkamp mot Tertnes på heimebane. Så følgjer to helger med opprykkskampar, 24. og 31. oktober. Kva av datoane som blir på heimebane er ikkje bestemt. Om Austevoll held seg framfor Brann 2 ut sesongen i naboavdelinga veit vi heller ikkje.

Men først skal Os 2 spela avgjerande kamp om historisk opprykk til 3. divisjon. Med siger over tabelltrear Valestrand Hjellvik på Osterøy sundag er Os 2 klare for å overta A-laget sin plass i 3. divisjon.

- Vi er godt førebudd og får blant anna Andreas Bjørnen heim frå skule i Kristiansand denne veka, fortel trenar Frank Hellevik.

Bjørnen skåra tre mål i heimekampen mot Valestrand Hjellvik, men skal spela for A-laget borte mot Voss laurdag. Tim Henrik Sperrevik, som også skåra i 5-1-sigeren til Os 2 i sommar, er derimot klar for andrelaget. Han fekk nemleg gult kort og karantene heime mot Trio i førre runde for A-laget.

Her er spelarane som startar for Os og Os 2 i helga.

A-laget (mot Voss borte laurdag 10. oktober): Halvard Enes, Anders Glesnes, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Frode Buvik, Stian Lunde, Preben Borgen, Christian Almeland, Christer Olsen og Andreas Bjørnen.

B-laget (mot Valestrand Hjellvik borte sundag 11.10 klokka 16.00): Kjetil Hansen, Baste Jonassen, Dani A. Bergstø, Vegard Borgen, Mats Lepsøe, Vegard Leikvoll Moberg, Tore Valvik, Torkel Hjertnes, Erik Kanestrøm, Ramo Racic og Tim Henrik Sperrevik.

Det er venta sikrus og stor stemning på Osterøy under kampen. Valestrand Hjellvik har eit svært livleg publikum, som stiller med bannarar, kamprop og meir enn eitt filmkamera til kvar kamp. Fleire osingar har varsla at dei også tar turen til den viktige 4. divisjonskampen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.