Lokal | 16. mars 2014

Alvorleg skadd i utforkjøring

Ei kvinne frå Hordaland omkom i ei utforkjøring i Hallingdal natt til søndag. Ei anna kvinne, som er frå Os, blei alvorleg skadd i ulykka.

Alvorleg skadd i utforkjøring
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 16. mars 2014 23:53

I 1-tida natt til søndag kjørte ein bil utfor RV 7 i Engene i Gol, melder Hallingdolen.no.

Ei kvinne i 20-åra omkom i ulykka. den andre, som er i 30-åra, blei frakta til Ullevål med luftambulanse.

Skadd kvinne frå Os

Begge kvinnene bur i Flå, men kjem ifølgje BA.no frå Hordaland.

Den skadde kvinna er frå Os. Bergensavisen skriv søndag kveld at siste status politiet i Buskerud har på kvinna, er at ho er hardt skadd.

Det var ingen andre bilar involvert i ulykka.

– Det var to personar i bilen, som trefte nokre stubbar og nedkutta tre før den stoppa, sa operasjonsleiar Tom Richard Jansen i Nordre Buskerud politidistrikt til NTB etter ulykka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.