Tomlane opp for finale! Amalie Evensen skyt finale i U20 no klokka 17. (Foto: Os skyttarlag)

LS2019: Amalie skaut til bronse

Oppdatert: Amalie Evensen sikra tredjeplassen i U20-finalen.

image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Jan Kristiansen Evensen frå Os Skyttarlag fortel om ei helg med veldig mykje «nesten», men no byrjar ting å ta seg opp på Evje. 

– No klokka 17 skyt Amalie Evensen finalen i ungdomslaget U20, og berre for å toppa det heile skyt Sofie Evensen finale i juniorklassen, det òg klokka 17.

Finalane kan du sjå her. (Landsskytterstevnet/ Vimeo)

Eit lite poeng frå Kongelaget

Evensen fortel at for mange av osingane har resultata vore gode, men finaleplassar har ofte gått tapt ei små poengsummar.

– Arild Røyseth mangla til dømes eitt enkelt poeng for å hamna på Kongelaget, trass i god skyting.

Evensen fortel at same Arild no leiar kampen om Normapokalen. Denne pokalen er ettertrakta, og går til beste skyttar på stevnet over 55 år.

Mykje speler inn på resultata

Kvifor skytinga til no ikkje har vore heilt i tråd med dei gode resultata Os skyttarlag har levert så langt i 2019, har ikkje Evensen noko godt svar på.

– Det er ei lang og hektisk veke her nede. Det har vore varmt, kanskje i overkant varmt, og Landsskytterstevnet er ei såpass spesiell oppleving i seg sjølv, at det kan vera mykje som til spelar inn på resultata. 

Os på sjuandeplass før finale

Evensen fortel at ungdomane til Os skyttarlag leverer på høgt nivå heile vegen.

– På lagskyting ligg Os skyttarlag no faktisk på ein sjuandeplass før finaleskytinga i morgon.

Resultata til dei fire beste skyttarane frå kvart skyttarlag tel, og frå Os skyttarlag er det Sofie Evensen, Amalie Evensen, Adelheid Røttingen Møller og Arild Røyseth sine resultat som har sikra den høge plasseringa.

Evensen legg til at i finalen er det 50 lag som tevlar om sigeren, så med sjuandeplass som utgongspunkt kan Os skyttarlag allereie no seia seg nøgd med god skyting.

Litt over klokka halv ni i kveld kom meldinga om at Amalie sikra seg tredjeplassen i U20-finalen.

Fleire saker