Sport | 14. feb. 2015

Amanda og Henrik vann NM-gull!

Alle dei fire utøvarane frå Os Karateklubb kjem heim frå Trondheim med medalje.

Amanda og Henrik vann NM-gull!
Armin Palislamovic, Amanda Njøten, Henrik Reed-Larsen og Ida Lund Bakke med medaljane frå dagens NM i Trondheim. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. feb. 2015 21:41

I dag blei årets noregsmeisterskap i karate arrangert i Trondheim.

Os Karateklubb stilte med fire utøvarar og alle tok medalje!

Vann tungvektsklassen

Henrik Reed-Larsen, som tidlegare har vunne både junior-NM, tatt sølv i stilart-VM og vore med på å vinna nordisk meisterskap i lagkamp, tok i dag sitt første NM-gull som senior.

– Henrik var vekke eit år, men trente mykje styrke, og har lagt på seg rundt 10 kilo. I tungvektklassen slo han kraftig frå seg, fortel trenar Cato Bruarøy.

I første kamp slo han ut regjerande noregsmeister. Også dei neste rundane blei jamne, men i finalen var osingen suveren og vann 6-1.

Tok gull som førsteårs senior

Amanda Njøten, som fylte 18 år i haust, deltok i NM som senior for første gong.

– I finalen møtte ho ei jente ho har tapt for fleire gongar før, men i dag gjekk Amanda veldig bra og den tøffe finalen enda med siger, fortel Bruarøy.

Sølv og bronse i aldersbestemt

Også Armin Palislamovic og Ida Lund Bakke gjorde god figur i NM.

Ida debuterte og fekk bronse i sin klasse, tittelforsvarar for andre år på rad, Armin tok seg til finale i år òg.

Finalen enda 0-0, men dommaravstemming førte til 2-3-tap og sølv til osingen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.