Kultur | 05. nov. 2015

Amerikanar med skandinavisk design

Multifunksjonell kunst frå norsk-amerikanar Laurie Poast er blant det du kan få med deg på Vedholmen Galleri si juleutstilling.

Amerikanar med skandinavisk design
Laurie Poast i ferd med å montera utstillinga på Vedholmen Galleri (foto: KML)
Andris Hamretorsdag 05. nov. 2015 07:19

Bildeserie:

Prisvinnande design (foto: KML)
Prisvinnande design (foto: KML)
Prisvinnande design (foto: KML)
Prisvinnande design (foto: KML)
1 av 2
Prisvinnande design (foto: KML)
Prisvinnande design (foto: KML)

Det er hektisk aktivitet i galleriet på kaien på Sundøy denne veka. Laurdag opnar dei juleutstillinga si med fleire kunstnarar og kunstformer.

– Det er travelt, men vi byrjar å bli klar, fortel Peter Marron, ein av galleri-innehavarane.

Utstillinga byrjar tidlegare enn juleutstillingane dei har hatt før, det har dei gjort for å gje folk ein sjans til å koma.

– Vi fant ut at det ofte blei for travelt for folk nærare jul, og gåvar som dette er noko dei ofte er litt tidleg ute med å skaffe seg, så då prøver vi å starte ei veke før.

Vann pris på boligmessa

Ei av dei som ikkje har stilt ut på Vedholmen Galleri tidlegare er kunstnar og designar Laurie Poast.

– Eg har fulgt med på galleriet på Facebook, og eg syns det er fantastisk at eg fekk koma og stilla ut her på ein så nydelig stad.

Galleri-innehavar Vibeke Harild oppdaga Poast på Interiør & Boligmessen i Bergen i oktober der ho vann 1. pris for beste produkt.

Poast er frå USA, men har budd 3 år i Nederland og no har ho vore 3,5 år i Bergen saman med mannen sin og dottera.

– Eg er norsk-amerikanar og familien min kjem blant anna frå Luster, så eg har alltid hatt ei dragning mot Skandinavia.

Populære miniatyr-hus

Då ho budde i Nederland designa ho miniatyr-hus med inspirasjon frå ulike land, og desse blei veldig populære.

Mini-husa var opprinneleg inspirert av hus som forfedrene forlot då dei emigrerte til USA, men også frå andre europeiske land der folk reiste over Atlanterhavet i søk om eit betre liv.

Så populære blei dei små husa at Laurie måtte utsettja å byrja på ny design.

– Det var så vanskelig å skulle byrja å lage det eg ville når så mange etterspurte dei små husa.

Skåler festa på veggen

Etter å ha vore heime med dottera i 2 år då dei ikkje fekk barnehageplass i Bergen, hadde Laurie spart mange idear til kva ho ville laga når ho for berre nokre månader sidan byrja å designa igjen.

Serien "Wall storage" er hyller/skåler i ulik storleik som ein skrur rett på veggen og som både fungerer som dekorasjon og samtidig har ein funksjon. Om ein vil ha planter i, lys eller ha dei til oppbevaring i dusjen, det er opp til kvar enkelt.

– Eg var spent på mottakinga, men reaksjonane har vore veldig gode og uten å ha reklamert for det har eg fått inn bestillingar frå butikkar i både inn og utland.

Det er denne serien Laurie vann "beste produkt" med på Interiør & Boligmessen.

Poast Design kan du få med deg på Vedholmen Galleri fram til 13. desember. Der vil det også vera utstilt kunst av Sören Dutkowiak (grafikk), Line Hvoslev, Johannes Kretchmer og Jan Erik Willgohs (maleri), Norvald Hemre og Sarah Reed (porselen), Tuva Gonsholt (glaskunst), Kari Aasen, Peter Marron og Vibeke Harild (skulptur).

På opninga laurdag 7. november vil bassist og komponist Ole Amund Gjersvik stå for underhaldninga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.