Lokal | 29. aug. 2017

Amerikansk interesse for Lyseparken

Næringslivsfrukost • Næringssjefen om Lyseparken, parkeringhus og Åsen-Helleskaret.

Amerikansk interesse for Lyseparken
Næringssjef Daniel Skotheim gav ei orientering om kva som rører seg i Os for tida (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 29. aug. 2017 09:06

Tysdag morgon inviterte Os Næringsråd næringslivsaktørane i Os og Fusa til den etterkvart så tradisjonelle næringslivsfrukosten i Oseana. Eit nytt historisk møte, då det var første gang næringslivet på begge sider av fjorden var samla.

I ordføraren sitt fråvær, fekk næringssjef Daniel Skotheim oppgåva med å gje ei status på kva som skjer i Osbygda. Etter å har fortald om pågåande prosjekt som Luranetunet, Lunde skule og dobbelthall på Kuventræ, kom næringssjefen inn på kva som ligg på trappene.

Mogleg oppstart våren 2018

Eit av dei første tema han kom inn på var parkeringshus på Osøyro.

– Der er vi i gang med planlegginga, blant anna ser vi på å grave ned første planet slik at det ikkje blir så ruvande. Vi leiker no med plassering og dimensjonar. Vi vil tidlegst vera i gang tidleg i 2018.

Ferdig i 2022

Skotheim kom òg inn på uroen som har vore kring bygginga av fylkesvegen Åsen-Helleskaret.

– Det er mange som har uttrykt uro etter at Statens Vegvesen ikkje nytta seg av den opsjonen dei hadde. Det paradoksale er at det er mangel på stein som er eitt av dei sentrale problema. Transportkostnadane er drivande og ein ser no på kostnadsbilete, men verken kommunen, fylkeskommunen eller vegvesenet er i tvil. Vegen skal stå klar til 2022, forsikra næringssjefen.

Har starta arbeidet

I førre veke var det oppstartsmøte i eit prosjekt til 2 millionar kroner for å sjå korleis best nytte energiressursane i Lyseparken.

– Prosjektet er leia av BKK, kor både Siemens, Cowi, Multiconsult og fleire er kobla på. Vi hadde oppstartsmøte i førre veke med over 30 dyktige deltakarar. Litt artig var det at ein av dei frå Siemens fortalde at han rett før møtet hadde fått ein telefon frå ein kar i Brooklyn rett utanfor New York som ville høyre meir om Lyseparken, så interessa er der.

– Prosjektet er støtta med midlar frå Enova og ein skal sjå på moglegheiten for til dømes å hente kjøling frå Vinndalsvatnet, utnytte sol, vind og berget. Korleis kan ein nytta overskotsvarme frå ein serverpark til å varme opp kontorer til dømes.

– Det skjer ting i høve næringsarealet. Den største risikoen vi tek er om vi gjer det same som alle andre. Difor må vi tørre å stå ved dei vala vi tal. Eit området som kjem til å bli viktig er akademia. Difor er eg glad vi har fått styrka prosjektstyret med Victor Norman og Geir Anton Johansen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.