Amfisenteret på offensiven
Nesten alle er framleis opne. No koordinerer senteret utkøyring frå over 20 butikkar.
Mens daglegvarebransjen og apoteka har gode dagar, er mesteparten av detaljhandelen hardt ramma av smitteverntiltaka mot koronaviruset.
– Med unntak av bransjane som er pålagt å stenga, som fysioterapi og frisør, er dei fleste framleis opne, seier senterleiar Siri Ann Myhren Dalseide.
Opningstidene blei for ei veke sidan reduserte til klokka 18 for dei fleste leigetakarane, for å gjera det overkomeleg å driva med redusert bemanning.
B-Young, Kitch'n og Big Bite har fått krav frå kjeda om å stenga, kafeen og Asia Mat byr på takeaway.
– Resten av leigetakarane, 38 butikkar, er framleis opne.
– Asia Mat er allereie godt i gang, dei har utkøring av eigne varer. No organiserer vi oss med gratis utkøyring for resten av leigetakarane som ønskjer, seier Dalseide.
Til no er 22 butikkar på lista over dei som vil senda ut varer til kundar.
– Dette gjer vi både for dei som ikkje kjem seg ut, og for dei som ikkje ønskjer å gå ute blant folk i denne perioden. Vi vil oppdatera heimesida vår med liste over dei som sel varer for levering, og så kan kundane kontakta kvar butikk sjølv og fortelja kva dei vil ha.
– Dei fleste leigetakarane våre opplever nedgang, men fleire av dei har omsetnad også i desse dagar. Vi håper tiltak som dette kan vera med og berga litt av lokalhandelen.