Anbefalingar til årets nyttårsbukkar
... og til dei som skal dela ut snop.
Mens Halloween blei noko redusert, er det ope for å gå nyttårsbukk i Bjørnafjorden kommune torsdag kveld.
– Dette er ein tradisjon som mange synest er kjekk, og den foregår utandørs, så det synest eg at ungane skal få lov til, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.
- Les òg: Halloween-huset i Gamle Finnebrekka (+)
– Men hugs at alle smittevernreglane framleis gjeld, og at det er omsyn å ta både for dei som går frå dør til dør og dei som deler ut snop.
Han anbefaler ungane å halda seg i allereie etablert kohort, altså saman med ungar frå same husstand, same barnehageavdeling eller same skuleklasse.
– Foreldre som vil følgja ungane bør ikkje vera ei stor gruppe, og dei bør halda avstand til kvarandre.
– Er det greit for ungane å synga, eller bør dei sleppa, med den smittestatistikken enkelte korøvingar har vist oss?
– No skal dei gå i same kohort, og om dei tar nokre steg tilbake etter at dei har ringt på døra, bør det vera greit at dei syng eit vers eller to.
Heilt greit å ikkje opna døra
Har du plan om å pakka snop eller mandariner inn i serviettar? I så fall bør du vaska hendene godt på førehand, eller helst bruka hanskar.
– Det beste er å kjøpa noko som er ferdig innpakka, eller gjera som enkelte gjorde under halloween, brukte grilltang.
Dale seier det òg kan vera fornuftig at det er same person som opnar døra kvar gong, ein vaksen som passar på å halda avstand til gjestane, og som ikkje heng med hovudet ut døra.
– Det kan òg tenkast at det er folk som er i faresonen, eller som ikkje ønskjer besøk i år. Då er det berre til å skru av utelyset og ikkje opna sjølv om nokon likevel bankar på.
– I år er det heilt greit å ikkje opna døra, seier Nordvik Dale.