Lokal | 18. sep. 2014

– Andeleg tid for løp

Den store plast-anda som har dukka opp rundt i Os gjennom sommaren har fått 3000 ungar som snart skal kappsvømma ned Oselvo.

– Andeleg tid for løp
Os TF handball si store and saman med nokre av dei små ved Oselvo, der løpet skal gå. (Foto: KVB/privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. sep. 2014 19:29

Ho dukka opp første gong natt til 17. mai, noko blant anna politiet fekk med seg, og har seinar vore på både rekefest, marknadsdagar og rømmingsforsøk til Fusa.

Les òg: Kva er det med denne anda?

No står den store, gule plastanda «heime» i Oshallen, mens Os TF handball har 3000 små plastender for sal.

– Det nærmar seg andeløp og medlemmane sel lodd til «adoptivforeldre», fortel Camilla Hamre frå handballgruppa.

Laurdag 27. september skal dei små plastendene sleppast frå brua ved Landboden.

– Kven kjem først?

Låg elv og flo (arrangørane hadde gløymt å sjekka tidevatnet før dei bestemte tidspunkt) gjer at Oselvo nesten renn oppover i nedste del denne laurdagen.

– Derfor er løypa litt kort, frå brua og ned til handikapbrygga ved Kløvertun/Sanitetshuset. Vi har prøvekjørt løypa og løpet vil, med dagens vasstand, ta cirka 15 minutt. Men det er meldt noko regn neste veke, så det er godt mogeg at det kjem til å gå raskare.

Andungane har nummer på undersida, og dei som har kjøpt lodd som matchar nummeret til dei første endene vinn fine premiar.

– Vi har over 20 premiar. Hovudpremien er gåvekort på 10.000 kroner, andrepremien er ein tur med helikopter over Os.

– Ta med redningsvest

Enkelte av medlemmane har allereie selt 50 lodd. Handballgruppa håper på å selja rundt 1500 dette første året.

– Vi har fått løyve av brannvesenet til å sleppa endene, som trass alt er 150 kilo med plast, ut i elva.

– Vi har også lånt røyr som skal leggast ut så vi får samla alle inn igjen. Det blir dessutan tre kajakkar og ein motorbåt på elva for å hjelpa til med ryddinga.

Publikum kan stå langs vegen og nede på og ved brygga. Eller på baksida av den gamle, lange trebygningen som blei brukt som klasserom under oppussinga av Os ungdomsskule.

– Ta med redningsvest til dei yngste. Det er litt knapt med plass til publikum og steinane nede ved elva er glatte, oppmodar Camilla.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.