Andersson til Os
Torsdag er neste konsert i serien "Musikk i kyrkja", og denne gong kjem den svenske akkordeonvirtuosen Johan Andersson for å spela konsert.
I konsertserien "Musikk i kyrkja" blir det torsdag 1. oktober konsert med den svenske
akkordeonvirtuosen Johan Andersson i Os kyrkje.
Andersson har vunne ei rekkje prisar og har turnert i fleire land, både som soloartist og som solist med symfoniorkester. Han har mellom anna turnert med Östersunds orkesterförening, Pan Asia symfoniorkester i Hong Kong, Stillehavets symfoniorkester i Vladivostok, Ukraina och Moldova, skriv Aasmund Brekke frå Os kyrkjelyd i ei pressemelding.
Akkordeon er ei vidareutvikling av trekkspelet, eit instrument som gjer det mogleg å spela melodiar både med venstre og høgre hand. På eit akkordeon kan ein spela klassisk musikk som for eksempel Toccata og fuge i d-moll av J.S. Bach.
Johan Andersson har gjesta Os ein gong tidlegare, då som del av ein duo. No kjem han attende som solist i eit iøyrefallande program med transkripsjonar av klassiske perler, mellom anna utdrag frå
“Årstidene” av Vivaldi.
Arrangementet blir støtta av Folkeakademiet Os og Grieg Foundation.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.