Sport | 03. okt. 2010

Andrelaget i boks

Ørjan Sandal har gjeve Lysekloster tre opprykk på to sesongar.

Andrelaget i boks
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. okt. 2010 07:53

Lysekloster sitt A-lag er både sikra opprykk for andre år på rad, er puljevinnar i eigen 6. divisjonsavdeling og har berre status som ubesigra og kampen om krinsmeistertittelen igjen.

Lysekloster sitt andrelag, som er nyoppretta i år, klarte laurdag å sikra at dei slår følgje med Søfteland og Nore Neset opp til 6. divisjon.

Les òg:
Lokal opprykkskamp

- Vi gjekk for å vinna med to mål så vi også vann internpulja dei tre Os-laga imellom. Det blei derfor litt temperatur då det blei blåst indirekte frispark 10 meter frå målet vårt på vår 2-0-leiing, seier Sandal.

Frisparket enda med skåring til gjestane frå Søfteland, men heimelaget hadde meir på lur og vann 3-1.

Svein Erik Gabrielsen, Lars Sperrevik og Roar Wold skåra heimelaget sine mål.

Sidan Nore Neset i går spelte 0-0 borte mot Fotlandsvåg i sin siste kamp for sesongen uavgjort (0-0) har Lysekloster 2 klatra forbi Nore Neset på tabellen.

Både Søfteland, som no leiar avdelinga, og Lysekloster 2, som ligg eitt poeng bak, har éin kamp igjen å spela.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.