Sport | 30. aug. 2011

Anken forkasta av CAS

Måndag kveld fekk Erik Tysse meldinga han ikkje håpa på. - Eg er skuffa, seier Tysse.

Anken forkasta av CAS
Andris Hamretirsdag 30. aug. 2011 07:32

I slutten av juni gjennomførde idrettens internasjonale voldgiftsrett for sport (CAS) ein to dagars lag høring med vitner og ekspertar etter at Erik Tysse anka dommen på to års utestenging får idretten etter at han angiveleg testa positivt på bloddopingmiddelet Cera etter eit stemne i Italia 1. mai i fjor.

Tysse har heile tida hevda si uskuld og fått støtte frå 94 fagfolk, deriblant 45 professorar og ein nobelprisvinnar som alle har skrive under på at Ceraen funnen i Tysse sine prøver kan stamme frå kroppens eigenproduserte EPO som følgje av ei jerninjeksjon Tysse fekk i forkant av stemnet.

- Korleis reagerte du då dykk fekk faksen i går ettermiddag?

- Eg blei utruleg skuffa, fortel Erik Tysse som likevel tok det fatta.

- Vi hadde naturlegvis foreberedt oss på båe utfalla slik at skuffinga ikkje skulle bli for stor om det ikkje gjekk min veg.

- CAS har sett bort frå alt som ikkje passa WADA sin sak. Mine argument og dokumentasjon har dei stort sett oversett eller latt vera å kommentere, seier Tysse som opplever det som den lille manns kamp mot systemet.

Støtta varmar

Tysse har opplevd ei stor støtte frå sambygdingane og andre i kappgjengar-miljøet. Mellomanna har kronerullinga som blei starta av Erling Andersen og Einar Vevatne brakt inn 313.000 kroner til støtte for Tysse sin ankesak.

- Den støtte eg har opplevd har vore utroleg stor og holdt meg oppe.

- Det at folk har trudd på meg, og at eg er uskuldig har vore godt å kjenne i den prosessen eg har vore gjennom.

Dobbel straff

Erik Tysse har lyst til å kvalifisera seg for OL i London neste sommar når utestengingsperioden er ferdig 7. juli 2012.

Ein relativt ny regel frå den internasjonale olympiske komité kan stikka kjepper i hjula for denne målsettinga. Den seier nemleg at ein utøvar som har vore utestengd ikkje kan delta i dei komande olympiske leikane etter at vedkommande har sona ferdig straffen sin.

- Det er jo i strid med alle rettsprinsipp at ein skal få dobbel straff når ein blir dømt for noko.

- Og ekstra spesielt blir det når ein er dømd for noko ein ikkje har gjort, framheld Tysse.

Han er glad for at den ferske IOC-regelen er oppe til vurdering hos CAS, og håpar at han iallefall der kan oppleve positivt utfall frå CAS si handsaming.

Vil dokumentera uskulda

Sjølv om CAS no har forkasta anken får Erik Tysse har han likevel ikkje gitt opp kampen heilt.

- Ekspertane mine vil no halde fram arbeidet med å vitenskapeleg dokumentere dei påstandande vi har stetta oss til. Nemleg det at kroppen naturleg kan produsera EPO som framstår som Cera på prøvene.

- I grunngjevinga for å forkaste anka skriv nemleg CAS at det på dette tidspunktet ikkje er vitenskapeleg bevist at dette er tilfelle, forklarar Tysse.

Professor og biokjemikar Bjarne Østerud ved Universitetet i Tromsø seier til bt.no at dei no vil framskunda arbeidet med å dokumentera jernteorien.

- Vi skal bevisa ein dag at det er omdanna EPO som WADA og CAS tror er Cera. Eg gjev meg ikkje før vi har klart det.

- No vil eg fremskunda det arbeidet slik at vi kanskje kan ha nokre nye data allereie om nokre veker, sier Østerud.

Droppar treninga i dag

Når midtsiden.no ringer tysdag morgon blir vi ståande i telefonkø til kappgjengaren. Det er tydelegvis mange som vil ha ein kommentar eller uttrykke si støtte.

- Korleis blir dagane som kjem, blir det ei treningsøkt i dag?

- Nei, i dag reknar eg med at det blir eit køyr frå kollegaene dine, så i dag får det vera god nok trening, smilar Tysse.

- Men eg skal tilbake, så treningane kjem til å halde fram, avsluttar kappgjengaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.