Anlegget reiser seg

Os kommune bygger nytt vassbehandlingsanlegg. Denne veka kom stålet på plass.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I løpet av 2010 skal Os vassverk få nytt vassbehandlinganlegg. Ved Skogen på Hetleflåten er både veg til tomta og grunnarbeidet ferdig, og i veka som var byrja stålarbeidet.

- Stålet kom på måndag, over helga kjem betongdekket til andre etasje, fortel Jan Hetleflåt frå Johs Sælen og Sønn AS.

- Vi har berre to veker på oss før Vestafjell overtar igjen og bygger stasjonen ferdig.

Auka kapasitet
I Os kommune er det to vassverk, Os vassverk og Søvik vassverk. I tillegg har kommunen Hovland vassverk i reserve. Os vassverk, som har nedslagsfelt på 6,1 kvadratkilometer, hentar vatnet sitt frå Krokvatnet.

Med dagens folketilvekst og forventa tilknytingsgrad frå 74 til 90 prosent vil dagens vassbehandlingsanlegg i Os vassverk, som ligg på Gåssand, dekka behovet fram til 2050.

Det nye anlegget får ein kapasitet på 9600 kubikkmeter per dag i første byggetrinn og 22500 per dag i andre trinn.

Betre reinsing
Det er på Gåssand at vatnet til Os vassverk blir behandla i dag, i eit anlegg med trykksil, desinfisering med klor og noko justering av ph-verdien med lut.

- Det nye anlegget får sandfilter med kontinuerleg fellings- og vaskeprosess av typen DynaSand, dimensjonert i første byggetrinn for 400 kubikkmeter i timen, fortel prosjektingeniør Johannes Håkonsund frå Os kommune.

- Denne kapasiteten kan vi auka med 20 prosent utan utviding i bygningsmassen, legg han til.

Det reinsa vatnet skal så vidare til to parallelle UV-aggregat. Som ekstra sikring skal naudkloranlegg monterast.

Dette er vatn inn. Når det gjeld vatn ut, altså avlaupsreinsing, har også kommunen planar om å bygga nytt. Men her har dei førebels ikkje bestemt seg for destinasjon.

Fleire saker