Anmeldt igjen
Bilføraren som blei stoppa med sota ruter natt til i går, blei tatt på ny natt til sundag.
Natt til laurdag anmeldte politiet ein bilførar for å køyra med sota ruter på sidevindauga framme. Den ferske kvinnelege bilføraren har tydelegvis ikkje forstått kva det går i, for då politiet møtte ho natt til sundag hadde ho satt på mørk film på nytt.
– Vi har lagt oss på ei linje at vi første gong vi møter ein bil som har sota ruter framme informerer om at det ikkje er lov, og at filmen må fjernast.
– Samstundes blir det loggføra at informasjonen er gitt.
– Det som er spesielt her er jo at vi først har gitt informasjon ein gong, så treff vi ho natt til i går og ho blir anmeldt.
– Når vi så møter vi ho igjen i natt, igjen med sota ruter. Det kan vel ikkje beskrivast som anna enn korttenkt, for å si det litt pent, seier politibetjent Kenneth Rastad.
Vil bli bøtelagt
Jenta har altså klart å bli anmeldt to gonger for samme foreseelse i løpet av to netter.
– Reaksjonen vil truleg bli at ho får bøter for båe tilfella.