Anne Mathilde på ein av dei to ponniane ho rir. Saman med trenaren Bo Høstrup innfelt. (Foto: Anja Gulleiksen)   

Anne Mathilde Reimer Haga (15) er tatt ut til nordisk

Skal representera Noreg under nordisk-baltisk meisterskap i Danmark.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Anne Mathilde Reimer Haga frå Os er tatt ut til nordisk-baltisk meisterskap (NBC) i Danmark.

Meisterskapen blir arrangert på Vilhelmsborg utanfor Aarhus om to veker. Uttaket blei offentleg rett før helga.

– Dette er første ryttar frå vår stall som får delta i nordisk meisterskap. I tillegg er det tatt ut ei frå Bergen som rir for Moldegaard Ryttersportsklubb, Sarah Jordan Kraavik med «Røgild’s Boromir», fortel Dorthe Reimer Haga.

Dorthe er mor til Anne Mathilde og driv Trivselsstallen, der Lysefjorden rideklubb trener.

Det er seks norske ekvipasjar som er tatt ut (sjå heile uttaket på rytter.no) til å delta i ponniklassen, og éin reserve. Anne Mathilde rir to ulike ponniar, og er tatt ut med Belmondo, men som reserve òg med den eldste ponnien sin, Burtons Baya.

Krevjande kvalifisering

Landslaget har åtte plassar, men berre éin av dei er tatt. I tillegg er det åtte plassar i den nasjonale satsingsgruppa (B-landslag) som Anne Mathilde er del av.

– Det held ikkje å vera god i forhold til andre, du må få ein viss poengsum (ri til ein viss prosent) for å vera kvalifisert for eit landslag, forklarer Dorthe.

I vår deltok Anne Mathilde på eit stemne på Austlandet med 17 ekvipasjar. Ho vann, men fekk ikkje god nok prosent til direkte plass på landslaget. Men i mai fekk ho delta i sitt første internasjonale stemne, i Danmark, der ho konkurrerte mot blant anna ekvipasjane som er rangert som nummer 1. og 3. i verda.

Ho fekk i pinsehelga dessutan òg veta at ho er tatt ut til å ri med trenaren sin, Bo Høstrup, på Hillerød horse show i Danmark i september.

Trener ni økter i veka - også via Skype

Anne Mathilde har drive med sprang og dressur i mange år, men dei siste fem åra utelukkande med dressur.

Ho trener seks dagar i veka med hest og tre økter med kondis og styrke som eigentrening.

– Høstrup kjem opp frå Danmark til Lysefjorden éi til to helger i månaden. Då er det rift om plassane, seier Dorthe.

Anne Mathilde trener dessutan saman med Høstrup via Skype éin dag i veka.

Fleire saker