– Annleis, men kjempegøy
Jone Kuven blei henta inn til sommarskulen på Halsnøy for å spela tuba i symfoniorkesteret. – Det har vore lærerikt og artig.
I førre veke fekk multi-talentet Jone Kuven, for dei fleste best kjent som ein særs dyktig bassist, telefon med spørsmål om han kunne tenkje seg å steppa inn på tuba under De Unges Orkesterforbund sin sommarskule på Halsnøy.
Søndag sit han i det 90 mann store orkesteret når sommarskulen blir avslutta med konsert i Oseana si storstove.
– Det er noko anna enn eg har vore med på tidlegare, men det er utruleg vakker musikk.
– Spesielt Scheherazade av Nikolai Rimskij Korsakov er eit veldig tilgjengeleg stykke, med ei kavalkade av fantastiske melodiar og parti.
– Mange trur at denne type musikk er vanskeleg tilgjengeleg og at det krev så mykje for å høyra på den.
– Det er heilt feil. Kom på Oseana, set deg ned med eit ope sinn og få ei veldig god konsertoppleving, reklamerar talentet frå Os.
I tillegg til Schehrazade skal orkesteret blant anna spele Festivalouverture av Dimitri Shostakovich og to stykkjer med solistar.
Heilt annleis
Ungguten har aldri tidlegare spelt i eit symfoniorkester.
– Eg har spelt i mange band og i skulekorpset. Eg har òg vore solist på tuba i korpssammanheng, men aldri vore med på å spele tuba i eit orkester.
– Det har vore ei heilt annleis oppleving , men utruleg lærerikt og artig, fortel Kuven.
Må lytta til dei andre
Som solist var Jone Kuven vant til å vera den som spelte hovudrolla og mykje.
– No er det veldig mykje pauser og lange tonar som skal vera med på å underbyggje dei andre stemmene i stykkjet.
– Det gjer at du må sitta skjerpa og lytta til dei andre musikarane.
– I korps spelar alle instrumenta mykje meir, her er tubaen berre ei lita brikke i eit større maskineri, men med ein mykje meir spesifikk oppgåve.
– Det har vore spennande å læra, avsluttar tubaisten.