Både politi og luftambulansen rykte ut på meldinga om trafikkuhell (lesarfoto/KVB)

Arbeidsuhell på Drange

Luftambulansen rykte fredag ettermiddag ut til Lysefjorden.

Av: Andris Hamre

Klokka 13.38 fredag ettermiddag fekk naudetatane melding om eit arbeidsuhell i Lysefjorden.

– Naudetatane rykker ut til eit arbeidsuhell. Ukjend skadeomfagn, men personen det gjeld er bevisst og oppegåande, skriv politiet på Twitter.

I tillegg til dei lokale ressursane blei også luftambulansen kalla ut til skadestaden, som i følgje ein Midtsiden-lesar er i Skjelåsen på Drange.

– Luftambulansen er her no, fortalde lesaren rett etter klokka 14.

Klokka 14.31 melder politiet at personen er lettare skadd.

– Ambulansepersonell på staden beskriv personen som lettere skada. Vi oppretter sak og tar diverse avhøyr på staden, heiter det i meldinga frå politiet.

Fleire saker