
I morgontimane var det ei arbeidsulykke i Industrivegen. Ein mann i 40-åra vart frakta i ambulanse til Haukeland etter ulykka. (Arkivfoto: KVB)
Arbeidsulykke i Industrivegen
Politi og ambulanse rykte i morgontimane ut til ei arbeidsulykke i Industrivegen.
Det er Vest politidistrikt som melder dette på Twitter.
I 08.30-tida skal ein mann i 40-åra skal ha fått ein løftebukk over seg. Mannen skal ha vore bevisst og oppegåande då naudetatane kom til staden.
Mannen vart etterkvart frakta til Haukeland universitetssjukehus med ambulanse.
Politiet opplyser at dei har avhøyrt vitne på staden og at det er oppretta sak.