Bergen Poker Run 2019

Arefjord stal showet under Bergen Poker Run

Video og bildeserie: Med 2 x 1850 hk blei det show både på Vedholmen og ute på Bjørnafjorden.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag blei årets Bergen Poker Run arrangert - i 25 gradar og skyfri himmel.

Før klokka 12 kom konvoien nærmast fykande forbi Strøno og inn til Bunnpris Vedholmen Landhandel på Bruarøy.

Nokre av deltakarane var frå Os, blant anna poker run-veteran Anders Arefjord, i år med ny båt.

Nor Tech 47 har 2 x 1850 hk og toppfart på utrulege 174 knop!

• Les òg: Deltar i Poker Run med rekordbåt

– Det tar litt tid å læra båten å kjenna, med manøvrering i låg fart og trimming i høg fart, seier Anders til Midtsiden.

– Eg hadde han oppe i 130 knop då vi testa den fredag kveld, og eg brukte berre 14 minutt frå Øyo til Bergen laurdag morgon.

«Øyo» er Bjørnarøya, to steinkast frå Vedholmen, ei øy der familien Arefjord har hatt fritidseigedom frå før Anders var i withjolle-alder. 

– Det viktigaste i dag er ikkje toppfarten, eg gler meg først og fremst over at alt fungerer! 

Båten er bygd i 2007, sette norsk fartsrekord for fritidsbåtar i 2008 og har sett tilsvarande europeisk rekord. Den kom «startklar» frå USA til Noreg då Arefjord kjøpte den i fjor, men den eine startaren rauk under prøvekøyring i pinsen. Ny startar blei sendt frå USA med ekspress og kom til Os dagen før Poker Run.

• Meir om båten: Return of a turbine-powered legend (speedonthewater.com)

Tok tre heftige drag på fjorden

Etter rundt ein time med prat, mat og bunkring på Vedholmen gjekk turen til Bjørnatrynet. Ifølgje ruta skulle konvoien gjennom Hauglandssjøen og forbi Halhjem ferjekai, men fleire av dei raskaste båtane køyrde forbi Bjørnarøya, direkte ut i fjorden og til Bjørnatrynet.

Dei mange tilskodarane som kom i båt for å sjå litt fart fekk verkeleg valuta for bensinpengane, for Arefjord drog forbi heile tre gongar. Turen frå Bjørnatrynet til godt forbi fyret i Øyane tok rundt 30 sekund.

Sjå video og bildeserie over. Hugs lyd!

Bergen Poker Run heldt fram til Bakkasund nord i Austevoll og Panorama Hotell & Resort i Sund før retur til Bergen.

Fleire saker