Sport | 14. mai 2012

Årets dommar!

Charles Whiteley er kåra til årets handballdommar i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Årets dommar!
Charles Whiteley blei kåra til årets dommar laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 14. mai 2012 15:06

På Noreg Handballforbund, Region Vest sitt regionsting i helga blei Os Turn sin dommar Charles Whiteley (21 i dag) heidra saman med makkar Andreas Borge frå Bjørnar.

Dei to unggutane blei under festmiddagen laurdag tildelt prisen som årets dommarar i Hordaland og Sogn og Fjordane.

- Dei to er gode dommarførbilete og Fair Play-ambassadørar, heiter det mellomanna i grunngjevinga.

Leiar i Os Turn håndball, Ove Kallestad, tok i mot prisen på utstyr for 2500 kroner, på vegne av den unge dommarrepresentanten.

Fekk NM-finale

For berre ei veke sidan var dommarparet i aksjon under NM for regionslag i Oslo.

- Der dømte vi to kampar fredag og to laurdag før vi fekk beskjed om at vi var tatt ut til å dømme gutefinalen mellom laga frå Midt-Noreg og Innlandet.

- Det var ei veldig kjekk oppleving, kor eg følte vi hadde grei kontroll, fortalde Whiteley då Midtsiden møtte han mellom to kampar under Vårspretten i Haukelandshallen førre veke.

Saman med makkeren har Whiteley denne sesongen teke steget opp til nest høgste nivå og fått sin debut i kvinnene sin 1. divisjon. Dei to er òg teken ut i ei nasjonal satsingsgruppe for dommarar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.