Kultur | 16. aug. 2020

Årets fiskekonkurranse varer i to veker

Mens andre kystkulturarrangement er avlyst, er det utviding i Øyane.

Årets fiskekonkurranse varer i to veker
Tommy Aasen under fjorårets fiskekonkurranse. Årets konkurranse er i gang og varer ut månaden. (Foto: Oddmund Lunde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. aug. 2020 07:07

I starten på august var det klart at det ikkje blir noko av årets Oselvarfestival eller Kulturminnedagane. Bondens Dag blir ikkje som før, men bondelaget jobbar med å finna ei alternativ markering.

Men fiskekonkurransen i Øyane, som òg har vore del av «Kystkultur no!» (tidlegare Kystsogevekene) går av stabelen - i utvida versjon.

– For å unngå ei stor samling med folk på kaien til Bunnpris Vedholmen Landhandel, opnar vi for over to veker med fiske, og digital innmelding av fangst.

– Men når vi har funne vinnarar blir det premieutdeling på Vedholmen Landhandel, seier Tommy Aasen frå Redd Barna Cup.

Tommy og medspelarane på Redd Barna Cup redda den populære fiskekonkurransen i fjor òg. Smitteverntiltak gjer at dei har avlyst årets fotball- og sandvolleyballturnering, men fiskekonkurransen lét seg gjennomføra.

Deltaking og klassar

Konkurransen skulle ha starta i morgon, men frå dei publiserte arrangementet torsdag 13. august, har det vore opna for fiske. Konkurransen varer til 31. august.

Det er gratis å delta, mot symbolske 50 kroner, som har vore prisen tidlegare år.

Du deltar ved å publisera bilde av fangsten din på Facebook eller Instagram med emneknagg og tagging, #minfisketur og @reddbarnacup må leggast til bildet.

– Det er ikkje alle som har fiskevekt, derfor premierer vi både lengste og tyngste fisk i kvar klassen.

Det er fiske med stang/snelle som gjeld, og deltakarane blir delte inn i desse klassane:

  • Barn 0-10 år
  • Ungdom 11-15 år
  • Vaksne 16+ år
  • Fiske frå land (uavhengig av alder)

– Det blir to premiar per klasse; til lengste fisk og tyngste fisk. I tillegg blir det premie til beste eller mest morosame bilde.

– Utover i konkurransen vil vi òg fortelja kva premiar vi deler ut i år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.