Kultur | 25. nov. 2019

Årets julegran kjem frå ...

– Ein fantastisk fin skog, seier «apekatt» Wenche Hope Lepsøe.

Årets julegran kjem frå ...
I dag blei årets julegran plassert på torget. Wenche (t.v.) reknar med å få pannekake i premie for innsatsen i skogen til Erpecom. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. nov. 2019 11:28

I dag blei årets julegran i Os sentrum plassert på torget.

I fjor var Midtsiden med og filma hogst og transport frå vinteridyll på Gåssand, i dag var det hogst i Lysefjorden.

– Vi har fått henta gran frå Erpecom sin eigedom, inn på grusvegane bak hovudgarden. Det var eit fantastisk fint område, synest Wenche Hope Lepsøe frå teknisk eining i Os kommune.

Ho hadde sjølv rolla som apekatt i dag.

– Det er fleire tiår sidan sist eg klatra i tre, men eg var overraskande flink, synest ho sjølv.

No reknar ho med at kollegaene spanderer pannekake på ho til lunsj.

Julegrana skal tennast fredag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.