Kultur | 30. jan. 2016

Årets nykommar!

Spellemannprisen er i gang, og Aurora gjekk av med sigeren i kategorien Årets nykommer. (OPPDATERT)

Årets nykommar!
(Foto: Line Møllerhaug)
Kari M. Lyssandlørdag 30. jan. 2016 20:16

I starten på januar blei dei Spellemannominerte i dei ulike kategoriane avslørt og det blei kjend at osingen Aurora var nominert til to prisar, Årets låt og Årets nykommer & Grammo-stipend.

Første pris er delt ut, Årets nykommer, og her gjekk Aurora heilt til topps!

Dei andre nominerte i kategorien Årets nykommer & Grammo-stipend:

Daniel Kvammen
Fay Wildhagen
Kygo
Marcus & Martinus
Sondre Justad

Aurora var ikkje førebudd på siger og hadde ikkje tala klar, men ho fekk takka dei som har vore med og hjelpt ho på vegen.

Midtsiden gratulerer Aurora med sigeren!

OPPDATERING:

I kategorien Årets låt kunne det ha blitt ein osing som gav pris til ein annan med-osing. Artist Maya Vik var nemleg ein av prisutdelarane saman med Admiral P.

Men prisen gjekk denne gang til Kygo (feat. Parson James) og låten "Stole the show".

Aurora var nominert i kategorien Årets låt saman med:

Astrid S – «2AM»
Daniel Kvammen – «Du fortenar ein som meg»
Karpe Diem – «Lett å være rebell i kjellerleiligheten din»
Kygo – «Firestone»
Kygo – «Stole The Show» (feat. Parson James)
Madcon – «Don’t Worry»
Marcus & Martinus feat. Katastrofe – «Elektrisk»
Morgan Sulele – «Bare min»
Susanne Sundfør – «Delirious»

Prisutdelinga er i Oslo Spektrum for første gang på fem år og programleiarane var Ingebjørg Brattland og Jarle Bernhoft.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.