Ariel (15) er noregsmeister!
Ariel Braathen (15) tok i dag gull i langbane-NM senior.
Målet var å kvalifisera seg til å delta i langbane-NM, men i dag knuste den unge svømmaren frå Søfteland landslagsutøvarar og svømmarar som er tatt ut til junior-OL til hausten.
Fredag blei det bronse på 100 meter bryst og sølv på stafetten, i dag blei det personleg rekord og gull på 50 meter på Ariel, som ikkje er senior før om fem år.
Den gamle persen var på 34.28, i finalen i dag svømte ho inn på 33,10.
Ingalill Urrang Naustvik (33,18) kom på 2. plass, Elida Hole (33,23) tok bronse.
Hard trening og betre teknikk
– Eg trur ho overraska mange i dag. Det var ein del som smilte litt då ho gjekk ut og sa at ho har OL som mål, men no ligg Ariel langt framfor skjema, seier pappa Bjørn Arne Braathen.
– Mykje trening og ei evne til heile tida å luka vekk småfeil er nok årsaka til framgangen. Det ligg knallhard jobbing bak, men også eigenskapen å lytta til instruksjonane ho får.
Både på 100 meter i går og på 50 meter i dag gjorde Ariel det betre i finalen enn i forsøket.
To nye distansar søndag
Ariel er kvalifisert til å delta i ti øvingar i langbane-NM for senior, og har valt å delta i fem.
I morgon går to nye øvingar, 200 meter bryst og 50 meter butterfly.
Storebror Sebastian og tidlegare treningskamerat Tom Andree Moberg Johansen er med i to øvingar pluss stafett.
Dei har ikkje tatt medalje, men skal ha gjort god figur.