Ariel Braathen i midten, på biltur i USA, med venninnene Sara, Monica, Cecilie og Christina frå det norske og det danske landslaget. (Privat foto)

Ariel si siste ferd mot OL

Då ho var 14 år sette Ariel Braathen seg tre mål. To er nådd. Det tredje er OL i Rio i august. Det blir stadig meir realistisk.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Ariel Braathen, som fyller 17 år i slutten av mai, var ikkje fylt 12 då forbildet Alexander Dale Oen i april 2012 gjekk bort.

Ho sa til seg sjølv at ho skal til OL. I juni året etter, då ho nett hadde fylt 13 år, avslørte ho målsetnaden i intervju med Midtsiden:

– Eg skal til OL!

Det ambisiøse og arbeidsvillige talentet nådde begge delmåla med glans; å kvalifisera seg til senior-NM i 2014 (der ho blant anna tok gull) og å koma til EM i 2015 (kom til finalen i Baku).

No nærmar det seg Sommer-OL i Rio 5. til 21. august 2016.

I mellomtida svømmer havfrua frå Søfteland fortare og fortare.

Klarte B-kravet, fekk brev frå forbundet

Ariel har vore i USA i 5 av årets 7 første veker, først 3 veker i Flagstaff med landslaget, så 2 veker i Fort Lauderdale med Bergen Svømme Club.

– I Flagstaff var den andre veka den eg trente hardast, då blei det 70.000-80.000 meter på éi veke.Anlegget er ikkje like nytt som AdO, men det var veldig fint. Eg merka ikkje så mykje til høgda, men det kjem eg kanskje til å gjera når vi skal til Sierra Nevada (Spania), seier Ariel.

Det blei òg tatt fleire testar, blant anna der ho hadde ein «båt» etter seg for å analysera teknikken.

Mellom dei to USA-turane var ho i Luxemburg og klarte B-kravet på 200 meter bryst og var 2 hundredelar frå B-kravet på 100 meter.

Ny pers på 100 meter: 1.10,24 (B-kravet er på 1.10,22, A-kravet er på 1.07,85)
Ny pers på 200 meter: 2.31,96 (B-kravet er på 2.32,08, A-kravet på 2.26,94)

Å klara A-kravet er rått! Noregsrekorden på 100 meter er 1.07.84, noko som betyr at 16-år gamle Ariel må svømma opp mot det raskaste noko norsk kvinne har svømt. 

Tysdag kveld, rett før midnatt, kom ho heim etter andre USA-tur, klokka 5 neste morgon sto ho opp for å koma seg i bassenget i Bergen igjen til klokka 6.

Torsdag kom brevet frå NSF om akkreditering til OL, eit brev alle som kan bli aktuelle får tilsendt i førebuande arbeid til OL.

«Olympiatoppen samler nå inn info til alle som kan tenkes å kvalifisere seg til OL i Rio. For å senere kunne få en eventuell akkreditering til OL må man stå på en såkalt «longlist» og for å stå på denne listen må vedlagte skjemaer sendes inn» skriv NSF.

– Det var ein liten milepæl å få dette brevet, sjølv om eg må prestera betre i månadane som kjem.

Brevet held fram med: «Understreker at det er A-krav som gjelder for kvalifisering og at det er OLT som er de som til slutt tar ut troppen til OL.»

Det er mogleg å bli sendt til OL på bakgrunn av B-krav, men Ariel vil dei neste månadane kjempa om å klara A-krava på 100- og 200-meteren.

Dei tre neste sjansane på A-kravet

At Ariel persar midt i knallhard oppkøyring er eit godt teikn. Ho kjem heller ikkje til å slakke av noko særleg for å toppa formen inn mot NM kortbane 10. mars.

– Stockholm Open i slutten av mars er viktigare, det er eit kvalifiseringsstemne. Vi skal toppa inn mot dette stemnet og det vil fortelja mykje om korleis vi ligg an etter vinteren, fortel Ariel.

Men det er ikkje siste FINA-stemne eller siste sjanse til å ta A-kravet.

Svømmer ho fort nok i Sverige kan ho koma til langbane-EM i London i april. Så følgjer treningsleir i Sierra Nevada før Bergen Swim Festival i AdO i slutten av mai.

Fleire saker