Litt snø og kulde var alt som skulle til før dagleg leiar Per-Ove Bahus Lysvold ved Bjørnefjorden Golfklubb kunne invitere til barneskirenn (foto: Andris Hamre)

Arrangerer skirenn

Laurdag blir det barneskirenn på golfbanen. – Eg har drøymd om å gjera det i fleire år, seier dagleg leiar i Bjørnefjorden Golfklubb.

Av: Andris Hamre

Litt snø og lovnad om ein periode med kulde og stabilt vintervêr var alt som skulle til før dagleg leiar i Bjørnefjorden Golfklubb, Per-Ove Bahus Lysvold, kasta seg rundt og starta planlegging av skirenn på den kvitdekte golfbanen.

– Då eg såg snøen som låg på banen måndag tenkte eg at her måtte eg gjera eit forsøk på å få til skirenn til helga. Det er ein draum eg har hatt lenge om å få til, seier Bahus Lysvold.

• Sjå bildeserie frå skirennet Os Turlag arrangerte på golfbanen i 2010

Fekk umiddelbar respons

Han kontakta kultureininga i Os kommune som umiddelbart tente på ideen.

– Eg møtte ein enorm velvilje hos Os kommune. Dei stiller med startnummer, premier, diplomer og utstyr vi treng for å arrangere skirennet. Same velvilje møtte eg hos Os Turn Friidrett, som umiddelbart stilte med tidtakarutstyr, så no bilr det barneskirenn på laurdag, fortel han medan Erik Just-Olsen og Nils Kristian Lygre er ute for å trakke og merke løypene.

To løyper

Skirennet blir for barn frå 5 til 12 år.

– Dei lagar no to sløyfer. Ei på omlag ein kilometer for dei mellom ti og tolv år og ei på rundt 400 meter for dei frå fem til ni år. Vi har ikkje heilt bestemt oss enno om deltakarane skal gå ei eller to runder. Det ser vi litt an når vi ser påmeldinga og kor mange som kjem til start. Vi vurderte å ha ei eiga handicap-klasse, men slo det frå oss. Her skal alle få delta på lik line.

– Starten blir nede ved drivingrangen. Den lange løypa går opp fairwayen på hol 2 før den snur og når ned på området mellom klubbhuset og Hatvikvegen. Den korte løypa går opp til gravhaugen og den same slutten som den lange løypa. Vi har òg trakka til ei lita treningsløype ute på drivingrangen, fortel han.

Helst påmelding på førehand

For å få ein viss idé om kor mange som kjem ser Bahus Lysvold helst at folk melder seg på ved å senda ein epost til han med namn og alder på deltakaren.

– Ein kan også melde seg på ved start. Den vil opne frå klokka 11 i klubbhuset. Vi tek sikte på å starte sjølve løpet klokka 12. Deltakinga er gratis, men det vil vera mogleg å kjøpe varm drikke og hotdog i klubbhuset som vil fungera som varmestove.

Låge skuldre, mest for gøy

Golfklubben har stor fokus på at løpet skal bli ei kjekk oppleving for deltakarane.

– Vi viser tida ungane bruker, men det skal vera eit løp med låge skuldre og mykje morro. Alle deltakarane vil få diplom og medalje. I tillegg har vi fått ein god del rumpeakebrett sponsa frå AMFI OS som vi vil dela ut, fortel Bahus Lysvold, som håper foreldre vil hjelpa dei minste ungane rundt løypa.

– Vi køyrer ikkje løypene opp med trakkemaskin denne gangen, så om det er nokon som har lyst til å testa dei og trene litt på førehand, så er det berre kjekt. Då blir dei nemleg enno betre før laurdagen, avslutter Per-Ove Bahus Lysvold.

Fleire saker