Lokal | 05. juli 2018

Asfalterer Øvre Varåsen

Måndag blir Øvre Varåsen stengd. Kommunen ber bebuararne køyre ut bilane dagen før.

Asfalterer Øvre Varåsen
Delar av Øvre Varåsen skal få ny asfalt, strekninga er merka med raudt (ill: Os kommune)
Andris Hamretorsdag 05. juli 2018 06:27

Kommunen nyttar tida medan folk er på ferie til å få asfaltert ei rekkje kommunale vegar. Denne veka har Granlia, St. hanshaugvegen og Ole Bullsveg fått ny asfalt. I neste veke står Øvre Varåsen for tur.

– Øvre Varåsen blir stengt frå krysset til Idrettsvegen til Øvre Varåsen 11A. Vegen blir stengd måndag 9. juli frå klokka 07 til klokka 15.

– Køyr ut bilar dagen før. Ikkje parker i eller ved vegen der det skal asfalterast, heiter det i meldinga frå kommunen, kor dei oppmodar folk til å følgje skilitinga på staden.

– Det vil vera omkøyringsmoglegheit via Industrivegen, bommen i Øvre Varåsen vil vera open medan arbeidet pågår, fortsett dei i meldinga.

Om det blir dårleg vêr eller andre uventa vanskar, kan arbeidet bli forseinka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.