Lokal | 15. apr. 2010

Aske skaper kaos

Flyplassar stengt grunna vulkanaske. Tog frå Bergen utselt. Busstilbod kan bli ramma av streik.

Aske skaper kaos
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. apr. 2010 09:19

Ei sky med vulkanaske kom i dag tidleg inn over Vestlandet, og er venta å dekka Noreg, England, Danmark, Belgia, Nederland og Luxemburg i løpet av dagen og ettermiddagen.

Fleire flyplassar er stengt, inkludert Flesland. Førebels reknar Avinor med å halda Flesland stengt i eitt døgn.

Sjekk flytrafikken LIVE på flightradar24.com
(Akkurat no er det ingen flytrafikk over Danmark, England eller Noreg)

Ifølgje BA.no er NSB i ferd med å bli utselt for togbillettar.

Vil du reisa kollektivt står også busstilbodet i fare for å bli kraftig redusert. Meklinga er mange timar på overtid, men held fram. Blir ikkje partane einige, noko mange trur dei ikkje blir, er det stor fare for streik.

Det skal også vera lang kø hos selskapa som driv med leigebil og stor pågang på Hurtigruten, som auka kapasiteten.

Vulkansk aske
• Vulkansk aske består av finkorna partiklar av stein eller mineraler, og kan bli transportert over store avstandar.
• Det farlegaste vulkansk aske kan føra til for flytrafikken er kveling av motor.
• I motsetndad til aske danna av brennande tre eller anna brennbart materiale, er vulkanske aske hard.
• Vulkansk aske er ikkje vannløyseleg, og leiar elektrisitet, spesielt når den er våt.
• Under askefall kan himmelen få gulaktig farge.
• Rør til friskluftinntak og liknande kan bli så kraftig sandblåst at det fører til brot.
Kjelde: Wikipedia

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.