Næringsliv | 02. sep. 2013

Askeladden med to påhengsar

Lanserer ny båt på messe i Oslo til helga – den første i fabrikken si over 100 år lange historie som er tilrettelagt for to påhengsmotorar.

Askeladden med to påhengsar
Askeladden P80 Pilothouse er tilrettelagt for opptil 1 x 300 hk eller 2 x 150 hk.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. sep. 2013 09:08

Torsdag 5. september opnar "Nordens største flytende båtmesse", Båter i Sjøen på Sukkerbiten ved Operaen i Oslo.

På den same messa i fjor lanserte Askeladden Boats AS "cabrioleten" P80 Weekend, til helga kjem dei med nok ein ny båt; Askeladden P80 Pilothouse.

Sjå òg, Midtsiden samleside: Askeladden

Askeladden sin P-serie har fått ei solid forankring i den norske båtmarknaden, blant anna takka vera at det er lagt stor vekt på praktiske løysningar tilpassa norske forhold.

– Frå før har vi i P-serien P66 Multi, Weekend og Pilothouse, P77 og P80 Weekend. No er P-serien komplett, seier marknadssjef Leif Bergaas.

Opptil 300 hestekrefter

Dette er ein romsleg og praktisk heilårsbåt med stor plass inne og ute – og for første gong med over 100 år med båtproduksjon har Askeladden tilrettelagt for to påhengsmotorar.

– To påhengsar er først og fremst ein fordel når det kjem til manøvrering. Kor mange som vel to motorar gjenstår å sjå.

Kundane kan velja mellom opptil 2 x 150 hk eller 1 x 300 hk.

Askeladden P80 har dokumentert sine ekstreme sjøegeigenskapar gjennom ein utfordrende reportasjetur langs heile norskekysten. Det kraftige V-bunna skroget er lettdrive og har eit fartspotensiale på opptil 39 knop.

Møter forhandlarane

På messa i Oslo er det ikkje berre duka for litt omsetnad til haustprisar, messa og også ein viktig treffplass for bransjen.

– Eg reknar med at over 20 av våre 30 forhandlarar i Noreg blir å treffa på messa. P80 Pilothouse kjem direkte frå fabrikken til messa, så dette blir første gong dei får sjå den.

– Messa gjev grunnlag for bestillingar for 2014-sesongen, båten kan leverast frå januar av, seier Bergaas.

Inspirert av Commuter

Askeladden P80 Pilothouse er bygd på P80 skroget, men med overbygg inspirert av design frå rib-båten Commuter.

P80 Pilothouse har detaljar som:

• Walk-around-løsning med brei gangveg

• Stort sjølvlensande akterdekk med opp-fellbare benkar, store stuerom integrert fisketank og dekkspyling som standard

• Nedsenka fordekk med solide rails for tryggare opphald og ombordstiging

• Stort styrehus med glass-skyvetak og doble glass-sidedører

• Fem sitjeplassar i fartsretningen, alle i "rett" høgde, så du slepp å strekka hals for å nyta panoramautsikta

• Forkabin med soveplass for to og lukka toalettrom (opsjon). Pantry, kokeapparat, kjøleskap og vask

• Styreposisjon med sprosselaust, framoverlent vindauge

• Plass for 12” plotter. Kupévarmar med defroster er opsjon.

• Badeplattform, tunnel for baugpropell og klargjort for vinsj både framme og akter.

Tekniske data Askeladden P80 Pilothouse
Designkategori: C
Lengde: 7,85 m
Breidde: 2,90 m
Vekt utan last og motor: 2.250 kg
Maks last eks. motor: 1.100 kg
Personar max: 8
Drivstofftank: 230 liter
Vanntank: 78 liter
Varmtvannsbeholder: 20 liter
Septiktank: 40 liter
Motor: Outboard 1 x 200/250/300HK eller outboard 2 x 150HK

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.