Sport | 16. aug. 2012

Åtte i feltfinalar

Osskytterane gjer det skarpt på Voss. 38 premierte og åtte klare for feltfinalar fredag. - Det har gått ganske bra, seier nestor Steinar Eidsvik.

Åtte i feltfinalar
Cathrine Daviknes og Lisa Mine Gunhan var beste osingar i sine klassar på baneskytinga (foto: Landsskytterstevnet 2012)
Andris Hamretorsdag 16. aug. 2012 09:19

Landsskyttarstemnet er for første gong lagt til Voss, etter "i alle år" å ha blitt arrangert på Ulven når det stemnet skal arrangerast på Vestlandet. Omlag 5100 skyttarar har den siste veka vore samla på Bømoen for kappestrid og sosial omgang.

- Det har vore eit kjempefint arrangement med nydeleg vêr og gode resultat, fortel nestor i Os skyttarlag, Steinar Eidsvik.

Nesten alle på 230-talet

Eidsvik fortel om god stemning i leiren frå Os.

- Vi er godt nøgd så langt.

- Nesten alle av 4.klasseskyttarane våre var oppe på 230-talet på baneskytinga. Det er det mange år sidan vi har opplevd, fortel Eidsvik som trekk fram ungjentene Cathrine Daviknes (kl 3) og Lisa Mine Gunhan (kl 4).

- Lisa og Cathrine blei best av våre i klassane sine med henhaldsvis 238 og 237 poeng.

Sterke i feltskytinga

Sjølv om Osskyttarane har gjort det bra på bane er det i feltskytinga dei største prestasjonane har funne stad.

- Vi har heile åtte skyttarar som skal ut i finaleskyting i morgon, fortel Eidsvik som sjølv skal ut i finalen i V73-klassa.

Torsdag er det ingen i laget som skal i dyst, men med konge- og prinsesseskyting i ettermiddag skal dei nok likevel få dagen til å gå.

- Grunna OL og skulestart har arrangørane vald eit litt anna opplegg i år enn tidlegare i høve til skytetidspunkta, mellomanna er dei eldste og yngste allereie ferdige for at skyttarane skulle rekkja skulestart, forklarar Eidvik.

Desse skyt finale

Her er finaleskyttarane frå Os skyttarlag med kva lag dei skyt i. Finalane går fredag.

Grovfelt, klasse 2-5, V55:
Ragnhild Ure (lag 412)
Arvid Austefjord (lag 413)
Anstein Eidsvik (lag 413)
Erik Mjelde (lag 419)
Nils Atle Askvik (lag 425)

Finfelt, klasse V65:
Odd Gorm-Hansen (lag 201)
Reidar Dale (lag 202)

Finfelt, klasse V73:
Steinar Eidsvik (232)

Dei beste resultata frå Osskyttarane

Osskyttarane har forskynt seg godt av premiebordet på Voss. Her er ei oversikt over resultata så langt, med kva type premie skyttarane tek med seg heim.

Baneskyting:

Klasse 4:
Lisa Mine Gunhan, 238 (8) - Stort beger
Geir-Wiggo Dale, 238 (5) - Middels beger
Anstein Eidsvik, 236 (13) - Middels beger
Kenneth Kaastad, 236 (4) - Middels beger

Klasse 3:
Cathrine Daviknes, 237 (8) - Stort beger
Åsta Løberg Bakke, 229 (5) - Middels beger
Ørjan Ure, 225 (7) - Lite beger

Klasse 1:
Bente Hovland, 242 (12) - Middels beger

Finfelt

30 skudd, V73:
Steinar Eidsvik, 29/22 - Middels beger

30 skudd, V65:
Reidar Dale, 30/21 - Stort beger
Odd Gorm hansen, 30/18 - Stort beger

Grov felt

Nils Atle Askvik skaut seg til 34. plass i NM med resultatet 30/14 etter 2. plass i klasse 3.

30 skudd, kl 1:
Alice Evensen, 24/5 - Middels beger

30 skudd, kl 3:
Nils Atle Askvik, 30/14 - Stort beger
Cathrine Daviknes, 25/8 - Lite beger

30 skudd, kl 4:
Erik Mjelde, 29/8 - Stort beger
Arvid Austefjord, 27/12 - Middels beger
Anstein Eidsvik, 27/11 - Lite beger

30 skudd, V55:
Oddvar Drange, 26/9 - Middels beger

Stang

Klasse 1:
Alice Evensen, 11 - Beger

Klasse 3:
Åsta Løberg Bakke, 17 - Beger
Nils Atle Askvik, 14 - Beger

Klasse 4:
Arvid Austfjord, 20 - Beger
Asbjørn Hellevang, 19 - Beger

V55:
Oddvar Drange, 15 - Berger

Felthurtig

I felthurtig skal skytterne få ned fem blinker på kortest mulig tid.

Klasse 2:
Henrik Nygård, 14:38 - Beger

Klasse 4:
Reidar Kaastad, 11:89 - Beger
Kenneth Kaastad, 13:85 - Beger

Minne

Klasse 1:
Elisabeth Lepsøy, 56 - Medalje

Klasse 2:
Henrik Nygård, 55 - Medalje

Klasse 3:
Ørjan Ure, 55 - Medalje
Cathrine Daviknes, 55 - Medalje
Nils Atle Askvik, 54 - Medalje

Klasse 4:
Asbjørn Hellevang, 56 - Medalje
Erik Mjelde, 55 - Medalje

Junior:
Joahcim Nerhus Midtun, 58 - Medalje

V55:
Oddvar Drange, 58 - Medalje

V65:
Reidar Dale, 57 - Medalje

Midtsiden tek atterhald om tastefeil eller at vi har oversett nokon på resultatlistene. Detaljerte resultat for Osskyttarane finn du på skyttarlaget si heimeside.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.