Lokal | 27. juni 2011

Attraktivt, vekst og miljø

Planane i Endelausemarka tar form. No er namn og profil klar.

Attraktivt, vekst og miljø
Andris Hamremandag 27. juni 2011 10:05

Tysdag fekk formannskapet ei oppdatering av næringsarealet i Endelausemarka. Blant anna blei merkenamn og visjon for området presentert.

- Dette er indrefiléten i Bergensregionen, meiner ordførar Terje Søviknes.

Stor Torvlibella

Ei årsak til at arbeidet med å utvikle næringsarealet har stått litt i stampe har vore funnet av augestikkarane "Stor Torvlibella" i området i og rundt Sjøbuelva.

- No har vi saman med Statens vegvesen og fylkesmannen funne ei løysning som gjer at vi kan koma vidare i saka, fortalte Søviknes.

For å ta vare på habitatet (leveområdet) til augestikkaren vil vegvesenet legga om fylkesvegen frå E39 til Lysefjorden og legga delar av den i ein viadukt over myrområda.

- Kan vi nytta området med torvlibellaen til eit grønt rekreasjonsområde i næringsparken? lurte Tore Rykkel (V) på.

- Ein kan nok sjå for seg turstiar i området, men vi må trå varsamt for ikkje å stoppa tilsiget av vatn og øydelegga habitatet, svarte Søviknes.

Han la samstudes ikkje skjul på at løysinga som er valt er eit stort biologisk eksperiment i forhold til å ta vare på augestikkarane, i og med området endrar vesentleg karakter.

Attraktivt for leiande aktørar

Lasse Færøvik har vore leigd inn for å utvikla ein marknadsplan og profil på den nye næringsparken.

- I arbeidet har det vore viktig å sjå på kva det etterlatte inntrykket hos aktørane i marknaden skal vera, forklarte Færøvik.

- Det skal assosierast med det Os står for, samstundes som det skal vera attraktivt for dei leiiande aktørane med kort veg til Bergen og perfekt plassering tett på nye E39.

- Området skal ha topp infrastruktur med gode næringsareal utan rushtrafikk som ein opplever til dømes ut mot Kokstad og Sandsli, fortalte Færøvik.

- Har vi moglegheiten til å legga opp til skinnegåande trafikk til området ein eller annan gang i framtida? undra Tore Rykkel.

- Då er vi inne på ein kost/nyttefaktor. Ein tanke kan vera å gjera som andre næringsparkar har gjort, nemleg å kjøpa inn ei viss mengd el-bilar som næringsdriverane kan disponera, svarte Færøvik.

Området er planlagt med miljø- og energiløysningar basert på anerkjente løysingar.

- Det skal framstå som mellom dei beste i si klasse utan at vi går på eksperimentelle løysingar, supplerte Søviknes.

Lys, sol, vekst og miljø

Næringsarealet på omlag 800 mål ligg i Endelausemarka, men skal marknadsførast under eit anna namn.

- Vi har landa på Lyseparken - Bergensregionens nye senter for næringsetablering, som vår anbefaling, forklarte Færøvik då han presenterte namnet og logoen.

- Logoen skal reflektera lyset, sola, vekst og miljø.

Logoen blei godt mottatt, men litt større grad av knytningar til Os blei etterlyst.

- Det er ein fin logo, men eg saknar litt meir Os-tilknytning, sa Espen Aspenes (Frp).

Kjem til å kosta

Os kommune har allereie investert omlag 20 millionar i kjøp av fire parsellar i området.

- Vi må sjå inn i krystallkula når vi ser på langtidsbudsjetta våre slik at vi klarer å levera dei tjenestene vi må til området, meinte Norvald Skåtøy (Ap).

- Norvald har heilt rett. Vi snakkar om 100-vis av millionar som skal investerast i området.

- Eg vil signalisere allereie no at vi i samband med budsjettvedtaka frå 2012 må få overført midlar for å kome vidare med arbeidet, avslutta Terje Søviknes som samstundes forsikra om at det for inneverande år var nok pengar på budsjettet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.