Lokal | 27. sep. 2018

Åtvarar båteigarar

Fleire tjuveri på Sotra og i Fana. – Utvalet er stort, risikoen for å bli tatt er låg, seier politiet.

Åtvarar båteigarar
Sjekk båthamna ofte, eller ta båten på land om sesongen er over, oppmodar politiet. (Illustrasjonsbilde frå Lønnevågen i Strøno, foto; KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. sep. 2018 08:08

Frå august til no har det vore fleire tilfelle av tjuveri av båt på Sotra, ifølgje Vestnytt. I starten av september fortalde BA om tjuveri frå minst fem båtar i Fana.

– Vi er inni tid med mykje vêr. Erfaring frå tidlegare år, både i Os og nabokommunane, er dette ei tid vi dessverre ofte opplever tjuveri av båt, båtmotarar og utstyr frå båt, seier politioverbetjent Rune Fimreite.

Det har si naturlege forklaring.

– Dei fleste båtane er førebels ikkje tatt på land, så utvalet er stort for dei som er ute i slike ærend. Samtidig er det mørke kveldar og lågare aktivitet langs sjøen, og på sjøen, og derfor lågare risiko for å bli tatt.

Politiet oppmodar folk om å sjå oftare til båtane sine, og å få dei på land om dei ikkje lenger er i bruk.

– Vi ser òg at fleire båtar sliter seg i uvêret, og hamnar på rek. Dette kan føra til skade på både båten som er laus og andre båtar, i tillegg kan ein båt på rek setja i sving eit større apparat med søk, fram til det eventuelt blir stadfesta at det ikkje har vore folk om bord i båten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.